Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Statsråd Bent Høie deltek på opningsfest av nye Nordlandssykehuset

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

28. september held Nordlandssykehuset i Bodø opningsfest og feirar at store delar av eit omfattande byggeprosjekt er ferdig. Helse- og omsorgsminister Bent Høie held opningstale og klipper snora ved ny hovudinngang.

Statsråden får og ei omvising i det nye bygget. Høie får mellom anna testa ut det nye innsjekkingssystemet på sjukehuset, han besøker den nye kreftavdelinga og får demonstrert ein operasjonsrobot.

Tid: 28. september, kl. 12.30-14.20

Stad: Nordlandssykehuset, ved den nye hovudinngangen ved Parkveien.

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.