Statsråd Vidar Helgesens program veke 16

Statsråd Helgesen reiser denne veka til New Delhi for å delta på eit toppmøte for næringsliv i Noreg og Asia.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 14. april og onsdag 15. april
Statsråd Helgesen reiser til Bucuresti for å møte den rumenske statsministeren Victor Ponta, utanriksminister Bogdan Aurescu og EU-fond-minister Marius Nica. Helgesen vil også vitje fleire prosjekt finansiert av EØS-midlane.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Fredag 17. april til mandag 20. april
Statsråd Helgesen reiser til New Delhi 17.-20. april for å delta på eit toppmøte for næringsliv i Noreg og Asia. Norsk næringsliv i Asia samlast kvart år til konferansen Norway-Asia Business Summit, og Helgesen skal opne konferansen saman med indiske styresmakter. På statsrådens program står óg møte med handels- og industriminister Nirmala Sitharaman og bedriftsbesøk til Uninor.

Pressekontakt er politisk rådgivar Benedicte Staalesen, telefon 468 11 754.