Statsråd Vidar Helgesens program veke 22

Statsråd Helgesen held denne veka si halvårlege utgreiing om viktige EØS/EU-saker for Stortinget.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 26. mai
Kl. 12.00: Statsråd Helgesen er i Stortinget for å gje den halvårlege utgreiinga om viktige EØS/EU-saker.

Kl 14.45: Møte med statssekretær Marceli Niezgoda frå det polske utanriksdepartementet. Stad: Stortinget.

Kl. 15.30: Statsråd Helgesen held avslutningsinnlegget på konferansen EUIKT15 - om europeisk IKT-politikk. Stad: Radisson Blu Scandinavia Hotel, Holbergsgate 30, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Kl. 19.30: Statsråd Helgesen deltek på middag hos Tyskland sin ambassadør. Stad: Den tyske ambassadørens residens.

Onsdag 27. mai 
Kl. 12.30: Statsråd Helgesen møter leiaren for Det mosaiske trossamfunn, Ervin Kohn. Stad: Statsministeren kontor.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Kl. 17.00: Statsråd Helgesen møter den amerikanske professoren Larry Diamond. Stad: Statsministeren kontor.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Kl. 20.30: Statsråd Helgesen er tilstades under ei mottaking i samband med Oslo Freedom Forum. Stad: Oslo Rådhus.

Torsdag 28. mai
Statsråd Helgesen deltek i debatten etter den halvårlege utgreiinga om EØS/EU-saker i Stortinget.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.