Statsråd Vidar Helgesens program veke 25
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 88/2015 | Dato: 12.06.2015
Statsråden har denne veka mellom anna fleire møte i Brussel.
Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 15. juni
Kl. 12.30: Statsråd Vidar Helgesen møter Tibor Navracsics, kommissær for utdanning, kultur, ungdom og idrett. Stad: Berlaymont, Brussel.
Kl. 13.00: Statsråd Helgesen held opningsinnlegget på eit seminar om forsking, innovasjon og romteknologi i Nordområda. Seminaret er i regi av den norske EU-delegasjonen i samarbeid med Forskingsrådet, Norsk romsenter og Nord-Norges Europa-kontor. Stad: Norges Hus, Rue Archimède 17, Brussel.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Lars-Erik Hauge, telefon +32 494 535 820.
Kl. 16.00: Statsråd Helgesen held innlegg under eit EFTA-seminar om den indre marknaden som motor for vekst i Europa. Her deltek óg den tyske kristelegdemokraten Andreas Schwab frå Europaparlamentet med innlegg. Stad: EFTA-sekretariatet, Brussel.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Lars-Erik Hauge, telefon +32 494 535 820.
Tysdag 16. juni
Kl. 19.30: Statsråd Helgesen deltek på opningsmiddagen under Oslo Forum 2015.Stad: Losby Gods.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.
Onsdag 17. juni
Kl. 09.00: Statsråd Helgesen deltek i ein rundebordsdiskusjon under Statoil – NUPI sitt forum om europeisk energitryggleik. Tema er politikkutviklinga i EU på dette feltet. I panelet sit også Anne-Marie le Gloannec frå Sciences Po og John Knight frå Statoil. Stad: NUPI.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.