Statsråd Vidar Helgesens program veke 27

Statsråd Vidar Helgesen deltek denne veka mellom anna i en internasjonal paneldebatt om mobilitet på arbeidsmarknaden i Aix-en-Provence i Frankrike.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 29. juni
Statsråd Helgesen er i Finland for å ha fleire møte med utanriks- og EU-ministeren Timo Soini, samarbeids og samferdsleminister Anne Berner og Teija Tiilikainen, leiar for FIIA, det finske utanrikspolitiske instituttet. Stad: Helsingfors.

Pressekontakt er avdelingsdirektør John Mikal Kvistad, telefon 410 09 439.

Torsdag 2. juli
Statsråd Helgesen er i Paris, mellom anna for å møte Philippe Leglise-Costa, leiar for den franske regjeringas samordningseining for europaspørsmål. Stad: Elysée-palasset, Paris.

Pressekontakt er Therese W. Bazard, telefon +33 786 277339.

Fredag 3. juli og lørdag 4. juli
Statsråd Helgesen deltek på konferansen Les Rencontres Economiques d'Aix-en-Provence. Konferansen samlar sentrale franske og internasjonale politikarar, næringslivsleiarar og akademikarar. Helgesen skal delta i ein paneldebatt om mobilitet på arbeidsmarknaden fredag ettermiddag. Over 30 land er representert med om lag 4000 deltakarar i «Frankrikes versjon av WEF i Davos». Stad: Aix-en-Provence, Frankrike.

Pressekontakt er avdelingsdirektør John Mikal Kvistad, telefon 410 09 439.