Historisk arkiv

Statssekretær Ayhan opna saftig verksemd i Russland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Statssekretær Dilek Ayhan og hennar russiske kollega frå Ministeriet for økonomisk utvikling, Oleg Fomitsjov, klipte 26. februar snora som markerte opninga av Elopaks nye produksjonslinje ved fabrikken utanfor St. Petersburg.

Statssekretær Dilek Ayhan og hennar russiske kollega frå Ministeriet for økonomisk utvikling, Oleg Fomitsjov, klipte 26. februar snora som markerte opninga av Elopaks nye produksjonslinje ved selskapet sin fabrikk i Novosaratovka like utanfor St. Petersburg.

Elopak er leiande i verda i produksjon av emballasje til juice, mjølk og yoghurt. Med å fokusere på økologiske produkt og høgteknologi, sikrar Elopak trygg distribusjon av mjølke- og juiceprodukt samtidig som ein beheld kvaliteten på produkta. Dette har mykje å seie for både selskapet og forbrukarane. Russland er med sitt store forbruk av fersk mjølk og kartongpakka juice, ein viktig marknad for Elopak.

- Det er gledeleg å sjå at ei norsk bedrift som Elopak har valt å satse vidare i den russiske marknaden, og no utvidar ytterlegare, seier Dilek Ayhan. Dette viser at det er mogleg å lukkast når ein førebur seg godt, arbeider hardt, har eit konstruktivt samarbeid med lokale myndigheiter og eit knippe tolmod.

Elopak har sett potensialet i den russiske marknaden og har operert her heilt sidan 1970-talet, då med tappemaskiner og teknologi knytt til dette. Rundt 2010 vedtok selskapet å sette opp eigen kartong­produksjon i Russland. Det var basert på kor viktig denne marknaden er og den positive økonomiske utviklinga i landet.

St. Petersburg-regionen vart vald på grunn av den økonomiske og kulturelle tyngde byen har, høgt kvalifisert arbeidskraft og det at byen har 40 universitet og ligg nær Finland der selskapet får polyetylenplatene som blir brukt i produksjonen. Selskapet sin visjon er å bringe det siste nye innan trykketeknologi til Russland og fokusere på lokal arbeidskraft. Selskapet starta med å rekruttere og trene leiing og arbeidarar i god tid før fabrikken stod klar, for å sikre teknologioverføring og eit sterkt og samansveisa team.

Elopak er ein stor arbeidsgivar i regionen. I dag har fabrikken i Russland 135 tilsette med ein gjennomsnittsalder på 32 år, dei fleste rekruttert frå nærområdet. Med den nye produksjonslinja som no er opna, ventar selskapet å produsere 808 millionar kartongar i St. Petersburg i 2014.