Stor etterspurnad etter investeringsmidlar i Hordaland

Første halvår var svært positivt med omsyn til utvikling og investering i landbruket i Hordaland. Investerings- og utviklingsmidlar til landbruket i Hordaland har hatt rekordetterspurnad i år, og Innovasjon Noreg Hordaland (IN) melde alt i juni at dei ikkje kunne motta fleire søknadar for 2015.