Stor maritim framtid i nord

Regjeringa har gitt seg sjølv eit oppdrag om at Nord-Noreg skal bli ein av dei mest skapande og berekraftige regionane i landet. Den maritime næringa betyr mykje for verdiskaping og sysselsetting i nord, slår næringsminister Monica Mæland fast.

Regjeringa har gitt seg sjølv eit oppdrag om at Nord-Noreg skal bli ein av dei mest skapande og berekraftige regionane i landet. Den maritime næringa betyr mykje for verdiskaping og sysselsetting i nord, slår næringsminister Monica Mæland fast.

Næringsminister Monica Mæland deltok på nordområdeseminaret ”Store maritime muligheter i nord” i Bodø 20. februar.

- Nordområda er det viktigaste utanrikspolitiske interesseområdet for Noreg. Potensialet for auka aktivitet og verdiskaping er stort og næringsverksemd er eit sentralt verkemiddel, seier Mæland.

Satsinga på romverksemd, maritime næringar, sjømatnæringa, marin næring medrekna marin bioprospektering, reiseliv og mineralnæringa er vesentlege næringsspor i nordområdesatsinga til regjeringa. Større uttak av petroleum og mineralar i Barentsregionen vil bli viktig for norsk maritim sektor og ha potensial til å bli dei fremste drivarane for auka skipsfart i Arktis i åra som kjem. Med bakgrunn i denne utviklinga blir det geografiske tyngdepunktet i næringa trekt nordover. Det vil gje dei maritime føretaka i nord strategiske fordelar.

I regjeringa sin maritime politikk står nordområda sentralt.

- Vi vil leggje til rette for maritim næringsverksemd og auka verdiskaping i nord. Men det krev ny kunnskap og innovasjon. Vi treng meir kompetanse om maritim aktivitet i nordområda. Difor er dette blant hovedprioriteringane i vår satsing på maritim forsking og innovasjon, seier Mæland.

Les talen her.