Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Strategi for å auke bruk og produksjon av hydrogen

Hydrogen kan spele ei viktig rolle i overgangen til det norske lågutsleppssamfunnet. Dette gjeld særleg for skip og tyngre køyretøy.

I dag møtest representantar frå hydrogenbransjen, leverandørindustri, forsking, teknologimiljø og ulike organisasjonar i Oslo etter invitasjon frå Olje- og energidepartementet (OED) og Klima- og miljødepartementet (KLD). Dei to departementa skal lage ein strategi for forsking, teknologiutvikling og bruk av hydrogen i løpet av 2019 . Dei har bede om innspel frå bransjen.

– Auka bruk av hydrogen vil kutte utslepp av klimagassar og gje ny verdiskaping i Noreg. Hydrogen kan erstatte diesel og bensin i tungtransport og skipsfart. Hydrogen er òg godt eigna i bygg- og anleggsmaskiner og kan vere relevant for delar av prosessindustrien, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Fleire norske selskap, som Asko, Tine, Bring og Felleskjøpet, har bestilt lastebilar som skal gå på hydrogen. I Oslo har Ruter testa ut hydrogenbussar i fleire år, og Noregs første hydrogen-elektriske ferje skal setjast i drift på Hjelmelandsambandet i Rogaland i 2021.

I tillegg til den nye strategien for hydrogen, har regjeringa frå før fleire verkemiddel som skal stimulere til meir bruk av hydrogen. Det vert til dømes gjeve støtte gjennom dei statlege ordningane Enova og Pilot-E, utviklingskontrakter og fritak for elavgift. Hydrogenbilar har òg dei same fordelane som for elbilar.

- Vi opplever ei auka interesse for løysingar for hydrogen i Noreg og internasjonalt. Både gassreformering med CO2-fangst og -lagring og elektrolyse vil kunne bli viktigare. Fleire norske selskap har god kompetanse på desse områda. Til dømes undersøker Equinor ulike moglegheiter for auka bruk av hydrogen frå naturgass på lang sikt i Storbritannia og Nederland, seier olje- og energiminister Kjell Børge Freiberg.

I arbeidet med hydrogenstrategien til regjeringa har OED og KLD bestilt ein rapport frå DNV GL om bruk og produksjon av hydrogen i Noreg. Rapporten vil vere ein del av kunnskapsgrunnlaget for den nye hydrogenstrategien. Du kan lese rapporten her.

Til toppen