Straumprisutvalet legg fram sin rapport

Torsdag 12. oktober leverer straumprisutvalet sin rapport til olje- og energiminister Terje Aasland. Utvalet har fått i oppgåve å vurdere dagens system for å fastsetje straumprisen. Dei skal vurdere kva tiltak på kort og lang sikt som kan sikre lågare og meir føreseielege prisar, innafor handlingsrommet i EØS-avtalen.

Nett-tv Straumprisutvalet legg fram sin rapport

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Straumprisutvalet vart oppretta i februar 2023 og har vore leia av administrerande direktør Inge Gran i Sintef Energi. Informasjon om medlemmer og mandat for straumprisutvalet.

Stad: Kulturhuset i Oslo (3. etasje), Youngs gate 6.

Tid: Torsdag 12. oktober kl. 10.30.

Påmelding til info@oed.dep.no innan onsdag 11. oktober kl. 16.00.

Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressemøtet kan sende inn spørsmål til info@oed.dep.no med teksten «Straumpris» i emnefeltet. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressemøtet.

Olje- og energidepartementet legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Sikkerheits- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.