Straumstønadspakken sendt til Stortinget

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Olje- og energidepartementet har i dag sendt lovproposisjonen om straumstønad til Stortinget. Målet er at Stortinget skal kunne vedta tiltakspakken før årsskiftet.

— Regjeringa har foreslått ekstraordinære tiltak i ein ekstraordinær situasjon. No er det opp til Stortinget å vedta tiltakspakken før årsskiftet, slik at vanlege folk i heile landet får hjelp til å handtere det som ser ut til å bli rekordhøge straumprisar gjennom vinteren, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen.

Ordninga fungerer slik at hushaldningane får eit fråtrekk på rekninga når straumprisen er ekstraordinært høg. Når marknadsprisen på straum i snitt er over 70 øre per kilowattime ekskl. mva. for ein månad, vil staten kompensere halvparten av prisen over dette nivået. Den delen staten betaler blir trekt frå på straumrekninga.

Regjeringa legg opp til at hushaldningane skal få støtte til eit straumforbruk opp til 5000 kilowattimar i månaden. Ordninga skal gjelde frå og med desember 2021 til og med mars 2022, og skal administrerast gjennom nettselskapa.

— Me har på kort tid laga ei ordning for å hjelpa hushaldningar i heile landet. Dette kan gjere det litt lettare for folk å gå jula i møte, seier Mjøs Persen.

Ordninga vil også omfatte fellesmålt hushaldningsforbruk og gardsbruk. Her står det framleis litt arbeid att, og i proposisjonen som er sendt til Stortinget har regjeringa lagt til rette for å inkludere desse kategoriane i ordninga så raskt som mogleg. Dette kan først skje når det er funne gode praktiske løysningar på korleis straumforbruk i landbruket og fellesmålt hushaldningsforbruk i burettslag og liknande kan skiljast ut.

Lenker til proposisjoner:

Prop. 44 L (2021–2022)

Prop. 45 S (2021–2022)