Historisk arkiv

Rekordstort tilskot til Antidoping Norge for 2017

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Antidoping Norge er i statsråd i dag tildelt 34,6 millionar kroner frå overskotet frå Norsk Tipping AS. Dette er ein auke på 4,6 millionar kroner frå 2016.

- Vi må styrkje antidopingarbeidet i idretten. Difor aukar vi tilskotet til Antidoping Norge til eit rekordhøgt nivå, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.  

- Tilskotet legg til rette for at Antidoping Norge kan intensivere arbeidet sitt og auke aktiviteten. Stiftinga er blant d ei fremste antidopingorganisasjonane i verda. Vi veit  at Antidoping Norge har ei viktig rolle både nasjonalt og internasjonalt, seier kulturminister Hofstad Helleland.

- Det er avgjerande å ha eit velfungerande nasjonalt antidopingprogram, som tar vare på dei reine idrettsutøvarane og sikrar at alle konkurrerer på like vilkår, seier kulturministeren.