Historisk arkiv

Styrka satsing på skredførebyggjande arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsbudsjettet 2011

For ytterlegare å hjelpe kommunane med skredførebygging, foreslår regjeringa å styrke Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med ti millionar kroner i 2011. Samla til skredførebygging vil NVE da bruke om lag 185 millionar kroner i 2011.

- Det er viktig for regjeringa at folk kjenner seg trygge der dei bur. Vi ønskjer å styrke budsjettet til NVE med ti millionar kroner slik at dei kan halde fram det viktige arbeidet med å førebyggje skred, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

Den auka tildelinga skal bidra til å oppretthalde drifta av overvakings- og varslingssystem for skredfarlege fjellparti som er satt i gong. Dette gjeld Åknes, Heggursaksla og Mannen i Møre og Romsdal, samt Nordnes i Troms. Samstundes skal NVE i 2011 styrke utviklinga av ein ny operativ overvakings- og varslingsteneste for snø- og lausmasseskred.

Frå og med 1.1.2009 blei den statlege skredbistanden samla hos NVE. NVE si  oppgåve er mellom anna å støtte kommunane med kunnskap og ressursar innan kartlegging, arealplanlegging, overvaking og varsling, sikring og beredskap.

Ingressbilde: Sikring mot kvikkleireskred i Skaun i Sør-Trøndelag. Foto: NVE