Svar på spørsmål om EØS-midler til Ukraina, Moldova og Georgia

Skriftlig spørsmål nr. 51 (2014-2015)

Statsråd Vidar Helgesens svar på spørsmål fra representanten Liv Signe Navarsete (Sp) om regjeringa åpner for å gi EØS-midler til Ukraina, Moldova og Georgia.

Skriftlig spørsmål nr. 51 (2014-2015)
Datert 14.10.14

Spørsmål fra representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til ministeren ved Statsministerens kontor for samordning av EØS-saker og forholdet til EU:
Opnar regjeringa for å løyve EØS-midlar til Ukraina, Moldova og Georgia, og har regjeringa vurdert kva konsekvensane av ei slik løyving kan bli for norske interesser, spesielt ut i frå eit sikkerheitsperspektiv?

Begrunnelse: I innleiinga til EØS-avtala er det slått fast at EØS skal opprettast ”[…] på grunnlag av likhet og gjensidighet og en samlet balanse av fordeler, rettigheter og forpliktelser  for avtalepartene.” Denne forventninga om gjensidige og jamnbyrdige fordeler av EØS-avtala var føresetnaden for at stortingsfleirtalet i 1992 på eiga hand, utan rådgjevande folkerøysting, melde Noreg inn i EØS-avtala.

I disse dager er regjeringa i forhandlingar med EU om Noregs økonomiske bidrag til EU gjennom EØS-midlane. På regjeringas sider skriv ein at mange referer til EØS-midlane som ein kontingent, men at dette er misvisende, då Noreg ikkje betaler for å delta i den indre marknaden. Føremålet med EØS-midlane vert oppgitt å vere å utjamne sosiale og økonomiske ulikskapar i EØS-området, og å styrkje samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda. Det er ikkje utan grunn at ein er nøye med å understreke at Noreg ikkje betaler nokon kontingent, då dette ville kunne verke å vere i motstrid med prinsippet om at EØS-avtala skal være gjensidig.

Ei kvar norsk regjering har eit klårt mandat om å forsvare norske interesser. Dette må medføre at ein ut i frå norske interesser forhandlar seg frem til eit best muleg resultat i forhandlingane med EU. Det betyr sjølvsagt at ein ikkje avtalar å betale meir i EØS-midlar enn naudsynt. Vel så viktig er at midlane vert løyvde til føremål som er i tråd med norske interesser. Fleire media har denne månaden skrive om at regjeringa no vurderer å bruke EØS-midlane på ein annan måte.

Mellom anna kunne Aftenposten tysdag 7. oktober sitere NTB på at det no var aktuelt for regjeringa å bruke av pengene i ei austpakke for å støtte EU-tilpassinga i Ukraina, Georgia og Moldova. Avisa viste til at regjeringa prøvde å halde denne endringa i løyvinga av EØS-midlar hemmeleg, men blei kjent fordi eit referat frå eit møte i Stortingets Europautvalg ved ein feil ikkje var tilstrekkeleg sladda. Å løyve EØS-midlar til Ukraina, Moldova og Georgia vil vere i strid med det som regjeringa sjølv opplyser er føremålet med EØS-midlane, nemleg å utjamne sosiale og økonomiske ulikskapar i EØS-området.

Statsråd Vidar Helgesens svar:
Dette spørsmålet er viktig, både fordi det tar opp et sentralt element i vårt samarbeid med Europa og fordi det gir meg en ny mulighet til å oppklare den misforståelse som har oppstått.
 
I Stortingets europautvalg mandag 13. oktober kom jeg inn på forhandlingene om nye EØS-midler. Jeg nevnte samtidig at vi nå også sonderer med EU og utvalgte EU-land om et mulig norsk bidrag til å understøtte EUs assosieringsavtaler med Ukraina, Georgia og Moldova. Et slikt bidrag vil ikke være en del av EØS-midlene, men separat og knyttet til EUs naboskapspolitikk. At disse landenes arbeid med assosieringsavtalene lykkes er også i Norges interesse. Samtidig forutsetter vi moderasjon i EUs krav når det gjelder forhandlingene om nye EØS-midler.