Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Svar på skriftleg spørsmål nr. 470 frå Hadia Tajik

Om skatteinntektene til kommunesektoren i 2020

Eg viser til brev 4. desember 2019 frå Stortingets president vedlagt følgjande skriftlege spørsmål frå stortingsrepresentant Hadia Tajik:

«Kor stor auke kan kommunane rekne i inntekt for 2020, og finns det ein mal for kor mykje høgare inntekta kjem til å verte enn det som står i statsbudsjettet for 2020?»

Begrunnelse:
Hjå NRK radio 03.1219 sa stortingsrepresentant Ove Trellevik at det kjem skatteinntektar til norske kommunar som ikkje var i budsjettet.

Svar:
I budsjettet for 2020 som Regjeringa har lagt fram, ligg det ein realauke i dei frie inntektene til kommunesektoren (kommunane og fylkeskommunane) på 1,3 mrd. kroner og ein realauke i dei samla inntektene på 3,2 mrd. kroner.

Auken i inntektene til kommunesektoren i 2020 vert rekna opp mot anslått inntekt i 2019 etter handsaming av Revidert nasjonalbudsjett 2019 i Stortinget. Dette er rekna på same måte som tidlegare år. I kommuneproposisjonen, som vert lagd fram samstundes med RNB, signaliserer Regjeringa  kor stor realauke vi tar sikte på for dei frie og samla inntektene til  kommunesektoren året etter. Det gjer at inntektene til kommunane vert meir føreseielege. Eventuelle endringar i overslaget for skatteinntektene i inneverande år (meirskatteauke eller skattesvikt) i perioden mellom RNB og Statsbudsjettet, skal dermed ikkje verke inn på vedtaket om inntektene i budsjettåret.

Skatteinngangen gjennom 2019 har vore høgare enn det vi la til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2019. Især har skatt på arbeid, som inntektsskatt for lønstakarar og arbeidsgjevaravgift, vorte høgare enn venta. Dessutan er det òg i 2019 høg skatteinngang frå aksjeutbyte. I Statsbudsjettet 2020 er overslaget for skatteinntektene til kommunesektoren i 2019 4,9 mrd. kroner høgare enn i revidert nasjonalbudsjett. Dette er ekstrainntekter for kommunane i 2019 samanlikna med det som låg til grunn  da vi gav signal om budsjettrammene for 2020 i vår.

Tal for skatteinntektene til kommunesektoren både i 2019 og 2020 er overslag som vil verte reviderte med oppdatert informasjon. Overslaget for skatteinntektene til kommunesektoren i 2020 byggjer mellom anna på at sysselsetjinga skal opp med 1 pst., og at årslønsveksten blir 3,6 pst. frå 2019 til 2020. Statsbudsjettet 2020 anslår dei frie inntektene til kommunesektoren i 2020 til 401,9 mrd. kroner, sjå tabell 3.3 i Prop. 1 S (2019-2020) for budsjettåret 2020 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det svarer til ein auke på 2,1 pst. Dei samla inntektene til kommunesektoren er berekna til  555,7 mrd. kroner i 2020, sjå tabell 3.4 i same proposisjon. I desse tala inngår auken i skatteinntekter etter RNB på 4,9 mrd. kroner i 2019.

Finansdepartementet kjem med nye overslag for auken i inntekt for kommunesektoren i 2020 i Revidert nasjonalbudsjett 2020. Overslaga vil verte baserte på oppdatert informasjon om den løpande skatteinngangen i 2020 og vil verte vurderte i lys av situasjonen i norsk økonomi.

Med helsing

Siv Jensen

Til toppen