Svar på skriftleg spørsmål om biokull som klimatiltak

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Gunnar Gundersen (H) om biokull som klimatiltak.

Eg viser til spørsmål nr. 1521 for skriftleg svar. Spørsmålet er reist i brev av 1.9.2016 frå stortingsrepresentant Gunnar Gundersen. Spørsmålet er som følgjer:

Norge har høye klimaambisjoner. Skal vi nå dem, må også fokuset være rettet mot å finne fram til de mest rasjonelle og kostnadseffektive tiltakene og iverksette dem effektivt. Skogen binder allerede nær halvparten av Norges utslipp og jordbruket har også betydelige muligheter til å bli en positiv bidragsyter i klimakampen. Biokull er ett eksempel. Vil statsråden bidra til at biokull blir spilt inn som et mulig og svært kostnadseffektiv klimatiltak som vil styrke både skogens og jordbrukets rolle i klimaløsningen?

Eg meiner det er viktig at vi i jordbrukssektoren held fram arbeidet med å leggje til rette for utslippskutt per produserte eining, samstundes som vi legg til rette for auka matproduksjon der det er marknadsrom for det. Jordbruket står i dag for om lag 8 pst. av Noregs klimagassutslepp. Utsleppa frå jordbruket har gått betydeleg ned sidan 1990 (11 pst.), samstundes som produksjonen har auka.

Eg fekk overlevert rapporten Landbruk og klimaendringer i februar 2016. Rapporten synar til at det er eit potensial for å redusere utsleppa frå jordbruket med inntil 15-20 pst. innan 2030 utan at norsk matproduksjon blir svekka. Rapporten peiker på at dei viktigaste strategiane for å redusere klimagassutsleppa frå jordbrukssektoren vil vere knytt til endra konsum og samansetning av matforbruket, og reduksjon i utsleppa innanfor same produksjonsvolum gjennom å optimalisere produksjonen. I tillegg må det arbeidas for å redusere utslepp av CO2 frå jord og fossil energibruk i landbruket. Lagring av biokull i jord er eit av fleire tiltak som er omtalt i rapporten.

Klimautfordringane i landbrukssektoren er komplekse og det er påvist betydelige kunnskapsbehov. Arbeidet med å følgje opp rapporten og vidareutvikle eit betre kunnskapsgrunnlag er i full gang.

I dette arbeidet er det lagt særleg vekt på utvikling av kunnskap om mellom anna lagring av karbon i jord, der lagring av karbon i form av biokull er eit sentralt emne. Andre viktige område det blir arbeidas med, er reduksjon av metan- og lystgassutslepp. Det er samstundes viktig med betre økonomiske berekningar av kostnader ved ulike klimatiltak i jordbruket, slik at dei tiltak ein set inn er kostnadseffektive. På bakgrunn av slike vurderingar vil eg når dei føreligg, vurdere om dette er naturleg å ta med i vidare dialog med avtalepartane i jordbruksavtalen.

Eg legg elles opp til at problemstillingar knytt til klima og jordbruksproduksjon vil bli omtalt i den kommande meldinga om jordbrukspolitikken.

Med helsing                                                                    
Jon Georg Dale