Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om import av gatehundar til Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om import av gatehundar til Noreg.

Stortingsepresentant Geir Pollestad har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

"Vil statsråden setja i verk tiltak for å begrensa importen av gatehundar til Noreg?

Svar:
Eg deler representanten Pollestad sin uro for at smitte kan følgje med gatehundar som blir tatt med til Noreg. Styresmaktene oppmodar difor folk til å hjelpe gatehundar i dei landa dei kjem frå, i staden for å ta dei med til Noreg.

Tidlegare var det forbod mot å ta med seg hundar frå andre land til Noreg eller å ta med hunden tilbake til Noreg etter ferie, utan eit langt karanteneopphald. I dag er regelverket endra med tanke på at folk kan ta med hunden sin på ferie eller ved flytting innan Europa. Dette regelverket er ein del av EØS-avtala. Det er krav om ID-merking, rabiesvaksinasjon, medisinering mot dvergbendelmark og eit identifikasjonsdokument i form av pass eller helsesertifikat. Kjem hundane frå land med dårlegare rabiesstatus enn i EØS-området, skal dyra i tillegg ha gjennomgått ein test som viser at rabiesvaksinasjonen har hatt tilfredsstillande effekt. Dette regelverket tillèt ikkje import av gatehundar for vidaresal.

Mattilsynet samarbeider med Tollvesenet om tilsyn med innførsel av hundar og mange som har med hund, vert kontrollerte på grensa. Det vert mellom anna teke blodprøver for å avdekke om det er hundar som ikkje tilfredsstiller krava til rabiesvaksinasjon. Det vert funne brot på krava til vaksinasjon, medisinering mot dvergbendelmark og dokumentasjon. Dette kan føre til at hundane blir sendt tilbake til avsendarlandet, isolert eller avliva.

Det vil krevje ein del førebuing for å kunne innføre ein hund på lovleg måte, men såframt krava ovanfor blir innfridd, er det ikkje forbode å ta med ein hund som har vore gatehund.  Sjølv om hundane er vaksinerte mot rabies og medisinert mot dvergbendelmark, kan dei ta med seg andre smittestoff og parasittar. Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Den norske veterinærforening frarår difor å ta med seg gatehundar til Noreg.

Mattilsynet driv eit omfattande informasjonsarbeid og lanserte før sommaren ei eiga Facebook-side "reise med kjæledyr". Dette bidreg til å auka merksemda rundt dette regelverket. Mattilsynet tek også imot og følgjer opp konkrete tips frå publikum.

Dersom Mattilsynet har haldepunkt for omfattande juks med dokumentasjonen frå enkeltområde, kan det bli sett i verk særskilte vernetiltak mot landet/området.

Eg vil framleis følgje utviklinga på dette området nøye og vurdere situasjonen i lys av dei råda eg får frå Mattilsynet.

 

Med helsing                                                                      
Jon Georg Dale