Svar på skriftleg spørsmål om klimasamarbeidet med EU

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt (FrP) om EU-regelverket og målsettingane i LULUCF kan påverke norsk skogbruk.

Stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt har stilt føljande spørsmål:

«Hvordan mener statsråden at det strammere EU-regelverket og skjerpede målsettingene i LULUCF kan virke inn på norsk skogbruk, og hvordan vil statsråden jobbe for å ivareta norske skoginteresser i klimasamarbeidet med EU.»

Noreg er i ferd med å starte ein dialog med EU om dei norske vilkåra for eventuell vidareføring av klimaavtalen med EU på skog- og arealområdet. Her vil Noreg òg diskutere med EU korleis Noreg kan oppfylle forpliktinga for første periode. Vi kjenner ikkje no kva resultatet av denne dialogen blir.

EU-regelverket legg ikkje føringar for det einskilde landet sin bruk av verkemiddel overfor skog- og arealbrukssektoren, eller eventuelle aktivitetar som påverkar utslepp og opptak i sektoren. Hogsten blir styra av etterspurnaden og prisane i den internasjonale tømmermarknaden. Regjeringa har ingen intensjonar om å styre hogstnivået i Noreg, og vi har heller ingen politikk for å gripe inn i omsettinga av tømmer.

Eit strammare EU-regelverk på klimaområdet, vil gi auka etterspurnad etter fornybar energi og byggeråstoff både i Noreg og i EU-landa. Det vil auke etterspurnaden etter produkt frå skogen. Regjeringa er oppteken av å bruke norske bioressursar som ein del av klimapolitikken, slik det mellom anna går fram av vegkart for grønt industriløft. Klimameldinga som blir lagt fram neste år, vil innehalde ein plan for bruk av norske bioressursar.

Med helsing

Geir Pollestad