Svar på skriftleg spørsmål om likestilling i landbruket

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå Lene Westgaard-Halle (H) - Hurdalsplattformen og likestilling i landbruket.

Spm. nr. 2987 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle - Hurdalsplattformen og likestilling i landbruket

Stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle har stilt følgjande spørsmål til skrifteleg svar:

«Hva mener statsråden om likestilling i landbruket?»

Begrunnelse:

I følge tall fra SSB er kun 17,1% av norske bønder kvinner, og andelen har vært stabilt lav lenge. I 1974 ble Odelsloven endret, slik at gutter og jenter født i 1965 ble likestilt i loven. Over tid burde vi derfor sett at flere kvinner ble gårdbrukere. Kvinnelige gårdbrukere tjener også i snitt mindre enn menn i næringsinntekt fra jordbruk. Regjeringen skriver i Hurdalsplattformen at likestillingen skal styrkes i fiskeriene, men plattformen sier ingenting om likestilling i landbruket.

Eg meiner at eit likestilt jordbruk er viktig, og at kvinner skal ha same høve til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og landbruksbaserte næringar som menn. Det har vore ei auke i delen kvinner som eig eller driv innanfor landbruket dei seinaste åra. At fleire kvinner tek over og driv gardsbruk er viktig for utviklinga av gode, levande lokalsamfunn og for utviklinga av norsk jordbruk. For å få best mogleg nyskaping og verdiskaping i landbruket må både kvinner og menn vere godt representerte i næringa.

Haldningsskapande arbeid, utdanning, rådgiving, økonomiske verkemiddel, og gode, funksjonelle velferdsordningar er naudsynt for å bidra til likestilling og rekruttering til landbruket over heile landet. Landbrukssektoren har over tid arbeidd målretta med å få fleire kvinner til å etablere seg i næringa. Regjeringa bidreg til likestilling i landbruket mellom anna gjennom jordbruksavtalen. Delen kvinner er særleg høg innanfor andre landbruksbaserte næringar som til dømes gardsturisme og lokalmat, og i utviklinga av ulike velferdstenester på garden som Inn på tunet. Fleire verkemiddel i jordbruksavtalen er innretta slik at dei skal stimulere til rekruttering, næringsutvikling, fleire nyetableringar og vekstbedrifter.

Gjennom jordbruksoppgjera dei to siste åra har regjeringa prioritert å betre inntektsmoglegheitene for alle produksjonar. Føreseielege rammevilkår og inntektsutvikling er grunnleggjande føresetnader for at jordbruksproduksjonen skal ha tilstrekkeleg økonomisk berekraft og sikre god rekruttering til næringa, uavhengig av kven som eig garden.

Gode velferdsordningar i landbruket er naudsynt for å bidra til rekruttering av nye generasjonar bønder til norsk landbruk og landbruk over heile landet. Både ved jordbruksoppgjeret i 2022 og 2023 la regjeringa difor sterk vekt på å betre ordningane for å auke den økonomiske tryggleiken ved sjukdom og skade, og gi betre moglegheit for å ta ut ferie og fritid gjennom året. Til jordbruksoppgjeret 2024 skal ei partssamansett arbeidsgruppe mellom anna sjå på tilskottet for avløysing ved sjukdom og fødsel mv. og tilskottet til landbruksvikarverksemd.

Landbrukspolitikken skal leggje til rette for at det skal være mogleg å leve av garden, både gjennom tradisjonelt landbruk og andre landbruksbaserte næringar, og regjeringa skal halde fram med å arbeide for eit likestilt landbruk gjennom å betre inntektsmoglegheitene og utvikle gode velferdsordningar.   

Med helsing

Geir Pollestad