Svar på skriftleg spørsmål om naturskadeerstatning på kai og molo etter orkanen "Tor"

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg til Olje- og energiministeren frå stortingsrepresentant Une Aina Bastholm (MDG) erstatning for skader på kai og molo etter orkanen "Tor".

Stortingsrepresentant Une Aina Bastholm har stilt spørsmål for skriftleg svar til Olje- og energiministeren. Spørsmålet er oversendt Landbruks- og matministeren som ansvarleg statsråd for det saka gjeld.

Spørsmålet lyder:
"Torsdag 19.10 bragte NRK en sak der det fremgår at det ikke gis erstatning for skader på kai og molo som oppstår ved grov sjø under uvær. Statens Naturskadefond fikk inn 77 søknader om naturskadeerstatning etter orkanen "Tor". 22 skader som skyldes sterk vind er innvilget, mens de 45 som skyldes grov sjø fikk avslag. Dette er åpenbart urimlig. Vil statsråden ta initiativ til endringer som sikrer at skader som oppstår som følge av grov sjø også kan utløse rett til erstatning i tråd med naturskadeloven?"

Svar:
I Noreg har vi hatt ei statleg erstatningsordning for naturskadar sidan 1961. Ordninga gjev erstatning for naturskadar i dei tilfelle kor ein ikkje kan forsikre seg mot skaden ved ei alminneleg forsikringsordning. Noreg er eitt av få land som har ei slik statleg erstatningsordning. Ordninga er regulert gjennom naturskadeerstatningslova og tilhøyrande forskrift.

Statens naturskadeordning er ei ordning som gjev dei skadelidne rett på erstatning når vilkåra for erstatning er oppfylte. Ei slik ordning må ha sine avgrensingar. For å ha rett til erstatning krevst det mellom anna at det har vore ei naturulykke, og at sjølve skaden direkte skuldast naturulykka. Årsakskravet er strengare i naturskadeerstatningslova enn det som gjeld i den alminnelege erstatningsretten.

Når det gjeld den konkrete naturhendinga som representanten syner til, vil eg peike på at skadar forårsaka av bølgjer i samband med storm ikkje er omfatta av lova og dermed ikkje gjev rett til erstatning dersom det ikkje samstundes er registrert stormflo. Dette er i tråd med langvarig forvaltningspraksis og fleire rettsavgjerder. Vurderinga av om det har vore stormflo på skadetidspunktet er basert på objektive meteorologiske målingar. Ved denne naturskadehendinga var det ikkje registrert stormflo.

Ei utviding av naturskadeordninga, slik representanten ynskjer, vil krevje ei lovendring. I tillegg vil ei utviding av ordninga innebere eit auka økonomisk ansvar for staten. Det er vidare grunn til å gjere merksam på at også om ein skulle fastsette andre innslagspunkt for når erstatninga slår inn, vil det medføre at det fins hendingar som ligg tett opp i mot dei fastsette kriteria, med likevel fell ut. Slike avgrensingsutfordringar vil ein alltid få. Difor er det både klageadgang på vedtaka og muligheit for å trekke desse sakene for domstolen.

Reglane for ordninga vart sist stadfesta av Stortinget i juni 2014 då naturskadeerstatningslova vart vedteken. Lova vidarefører både reglane om årsakskrav og om kva som reknast for ei naturulykke. Lova trådte i kraft 1. januar 2017, og erstatta naturskadelova frå 1994. Eg meiner det ikkje er grunnlag for å starte opp eit nytt lovarbeid no.

Med helsing

Jon Georg Dale