Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om nydrenering og lokale mottaksvassdrag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen (A) om  investeringsbehovet for nydrenering og lokale mottaksvassdrag er tilpassa eit våtare klima og forsterka norsk matproduksjon.

Svar på spm. Nr. 1026 frå stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen - kva er investeringsbehovet for nydrenering og lokale mottaksvassdrag (hydrotekniske anlegg) tilpassa eit våtare klima og forsterka norsk matproduksjon

Eg syner til spørsmål nr. 1026 frå stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen 23. februar. Sandtrøen stilte følgjande spørsmål:

"Hva er investeringsbehovet målt i kroner i nydrenering og lokale mottaksvassdrag (hydrotekniske anlegg) for at vi Norge skal bIi optimalt tilpasset et våtere klima og nå måIet om forsterket matproduksjon på norske ressurser?"

Mi vurdering er at det ikkje er mogleg å gi eksakt svar på dette spørsmålet. I mitt svar til representanten Sandtrøen på skriftlig spørsmål nr. 926 datert 19. februar, gjorde eg nylig greie for vurderingar kring behovet for drenering av jordbruksjord, òg for kostnadene knytt til tiltaket. I fylgje NIBIO-rapport nr. 13/2018 "Jordsmonnkartlegging for en grønnere økonomi" har 53 pst. av dyrka marka i Noreg eit dreneringsbehov, på Austlandet har om lag 79 pst. av den dyrka marka eit dreneringsbehov. Hovuddelen av denne jorda er allereie drenert og det er opp til den einskilte bonde å gjere vurderingar om det er lønnsamt med nydrenering. Som eg skrev i mitt førre svar til representanten Sandtrøen, må hovudansvaret for å halde jorda i god hevd kvile på den einskilte gardbrukar. Som føretak, med økonomisk overskot som mål, må det med jamne mellomrom investerast i drenering og vedlikehald av desse anlegga. Det er òg i samfunnet si interesse å ta vare på jord og halde jorda i god hevd. Investeringstakta er nødvendigvis ikkje optimal i forhold til samfunnsmessige mål, som høgast mogleg matproduksjon, jordvern, miljø- og klimaomsyn mv. Difor blei det på ny gitt tilskot til drenering frå 2013. Tilskotet gjer det meir økonomisk lønsamt å grøfte.

Som eg skrev i mitt førre svar til representanten Sandtrøen blir spørsmål om drenering og hydrotekniske anlegg årleg drøfta og vurdert i samband med jordbruksoppgjøra.

Med helsing

Jon Georg Dale