Svar på skriftleg spørsmål om Økokrim-rapport

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Mathilde Tybring-Gjedde (H) om oppfølging av Økokrim sin rapport.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 330 frå stortingsrepresentant Mathilde Tybring-Gjedde

Eg viser til brev frå Stortinget av 6. november 2023 vedlagt spørsmål frå stortingsrepresentant Mathilde Tybring-Gjedde.

«Hva er statsrådens vurdering av rapporten fra Økokrim, og hvilke tiltak vil statsråden gjennomføre for å følge opp Økokrims rapport og ulovlig hogst av verdifull skog?»

Først vil eg understreke at eg ser alvorleg på lovbrot som skriv seg frå ulovleg hogst. Eg ser det som ei viktig oppgåve for myndigheiter og politi at slike brot blir følgde opp med reaksjonar. 

Av dei 63 politimelde tilfella i perioden januar 2021 til juli 2023 som er omtalte i Økokrim sin rapport, er det 17 som gjeld moglege brot på skogbrukslova. Dei andre 46 tilfella gjeld moglege brot på naturmangfaldlova som fell inn under klima- og miljøministerens ansvarsområde. Mi vurdering er avgrensa til å gjelde brot på skogbrukslova. Seks saker gjeld ulovleg hogst på eigedommen til annan person. Det er uklart kvifor desse er rekna som moglege brot på skogbrukslova, men privatrettslege spørsmål ligg òg utanfor mitt ansvarsområde.

Det kjem ikkje fram av rapporten i kor mange av sakene politiet har reist påtale, men inntrykket er at dei fleste sakene blir lagde bort. Eg ynskjer ikkje å kommentere politiets prioriteringar eller vurderingar av bevisstilling i desse sakene.

Eg ser at det blir meldt få tilfelle av mogleg ulovleg hogst til politiet. Økokrim seier at det kan vere store mørketal på området fordi det kjem få slike meldingar frå kommunane. Eg ynskjer ikkje å spekulere i om årsaka til dette er mørketal, eller om det i utgangspunktet skjer få brot som er aktuelle å melde. Det er likevel rimeleg å anta at sertifiseringsordningane som gjeld for omsetning av nær alt tømmer i Noreg, og som stiller strenge krav til miljøomsyn, har ein betydeleg preventiv verknad.

Dei offentlege miljøkrava som gjeld for skogeigar ved hogst er i hovudsak nedfelte i skogbrukslova og forskrift om berekraftig skogbruk. Mi vurdering er at dei til saman set tydelege og konkrete krav til dei omsyna skogeigar skal ta ved hogst, og at reglane er godt eigna for oppfølging av brot både av kommunane og av politiet. Per no har ikkje planar om å foreslå endringar i lova.

Med helsing

Geir Pollestad