Svar på skriftleg spørsmål om støtte til å flytte driftsbygningen på Nygården

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Heidi Greni - Om støtte til å flytte driftsbygninga på Nygården ved kampflyplassen i Ørland kommune.

Skriftleg svar på spm nr 1523 frå stortingsrepresentant Heidi Greni - Om støtte til å flytte driftsbygningen på Nygården ved kampflyplassen i Ørland kommune

Eg viser til spørsmål nr. 1523 for skriftleg svar frå Stortingets presidentskap. Spørsmålet er reist i brev av 25.08.2017 frå stortingsrepresentant Heidi Greni. Spørsmålet er som følgjer:

"Gården Nygården er nærmeste nabo til kampflybasen i Ørland kommune. Tunet ligger i støysone på ene siden av fv 245, mens produksjonsarealene ligger på den andre siden. Melkeproduksjonen drives på dispensasjon ut 2071. Mattilsynet har meldt at den ikke kan forventes utvidet ut over dette. Eieren har derfor søkt om støtte til å flytte driftsbygningen til arealene utenfor støysonen, men fått avslag. ViI landbruksministeren bidra til at saken løses slik at melkeproduksjonen på Nygården kan opprettholdes?"

Eg viser også til spørsmål nr. 1171 og 1302 frå stortingsrepresentant Heidi Greni om den same problemstillinga, og til svara frå forsvarsministeren. Forsvarsministeren skriv mellom anna i sitt svar på spørsmål nr 1302 at Forsvarsdepartementet vil sjå på moglegheitene for å bidra til å flytte bofunksjonen frå dagens gardstun, og for å redusere anleggstrafikken forbi Nygården ved å bruke andre innkøyringar til basen. Forsvarsministeren skriv også at dagens auke i trafikken forbi Nygården i hovudsak er mellombels, og at den vil halde fram til og med 2020.

Det er Forsvarsdepartementet som har ansvaret for arbeidet knytt til kampflybasen på Ørlandet, og Forsvarsbygg er etter det eg kjenner til, framleis i dialog med eigarane av Nygården. Eg har difor ikkje noko å tilføre svara frå forsvarsministeren på spørsmål nr. 1171 og 1302.

 

Med helsing

Jon Georg Dale