Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om tiltak for å betre arbeidsmiljøet i reindrifta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Nancy P. Anti (Sp) om statråden har ein plan for tiltak for å betre arbeidsmiljøet i reindrifta.

Spørsmål frå stortingsrepresentant Nancy P. Anti til skriftleg svar – Spørsmål nr. 470

Eg syner til brev av 8. desember 2017 frå Stortingets President der spørsmål frå representanten Nancy P. Anti vert sendt over for skriftleg svar.

"Har statsråden satt seg inn i forskningsrapporten "Reindriftas hverdag" fra Samisk nasjonalt kompetansesenter(SANKS) og har statsråden en plan for tiltak for å forbedre arbeidsmiljøet i reindrifta med tanke på psykososiale forhold?"

I samband med tingingane om ei ny reindriftsavtale for avtaleåret 2017/2018, vart partane samde om å setje ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå nærare på innretning og organisering av HMS-tiltak i reindrifta. I sluttprotokollen frå tingingane vart det mellom anna sagt dette:

"Avtalepartene er enige om at det nedsettes en arbeidsgruppe på inntil 8 personer, herunder oppnevnes 2 av NRL, 2 oppnevnes av LMD og 1 oppnevnes av Sametinget. SANKS (Samisk nasjonalt kompetansesenter – psykisk helsevern og rus), Norsk landbruksrådgivning og Matmerk/KSL inviteres til å delta i arbeidsgruppen. LMD leder arbeidsgruppen, og Landbruksdirektoratet er sekretariat.

Arbeidsgruppen skal utrede hvordan HMS-tiltak i reindriften kan ivaretas og organiseres. Sentralt i utredningen er å se på hvordan HMS-tiltak i jordbruket ivaretas, herunder muligheten for om evt. Norsk landbruksrådgivning også kan følge opp HMS-tiltak i reindriften."
Arbeidsgruppa vart oppnemnd i september 2017, og gruppa avslutta arbeidet sitt i byrjinga av november. Rapporten skal presenterast for avtalepartane 18. desember. Eg er kjend med at SANKS-rapporten "Reindriftas hverdag" har vore eit av fleire viktige dokument inn i arbeidsgruppa sitt arbeid.

Arbeidsgruppa sine tilrådingar vil no bli vurdert av avtalepartane. Frå mi side vil eg framhalde at den vidare oppfølginga har høg prioritet. Det er naudsynt å få på plass grunnlaget for ei systematisering og forankring av HMS-arbeidet i reindrifta, både med omsyn til det fysiske og det psykososiale arbeidsmiljøet.

Med helsing

Jon Georg Dale