Svar på skriftleg spørsmål om forskrifter og regelverk for ordningar som nydyrking, grøfting, overflatedyrking av jord samt tilskot til opparbeiding av tidlegare dyrka jord mv.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp) om forskrifter og regelverk for ordningar som nydyrking, grøfting, overflatedyrking av jord samt tilskot til opparbeiding av tidlegare dyrka jord mv.

Eg syner til spørsmål nr. 24 til skrifteleg svar frå stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen. Representanten Lundteigen har stilt fylgjande spørsmål: 

"Kan statsråden legge fram samtlige forskrifter og regelverk for alle ordninger som angår nydyrking av jord, grøfting av jord, overflatedyrking av jord, tilskudd til opparbeiding av tidligere dyrka jord, tilskudd til bureising og lignende ordninger med andre navn men med ovennevnte formål, årlig fra 1920 og fram til og med 2016?" 

Forskrifter og regelverk for å halde jord i hevd har vore sentralt i jordbrukspolitikken i alle år, og påverka forminga av jordbrukslandskapet. Som representanten  Lundteigen sjølv nemner, er spørsmålet han stiller omfattande å svare på då det finst eit stort omfang av relevante forskrifter og regelverk for perioden 1920-2016. Eg har, innanfor fristen som gjeld for å svare på skriftlege spørsmål frå Stortinget, gjort mitt beste for å finne alt relevant regelverk på områda representanten spør om. Eg kan likevel ikkje garantere at samlinga er heilt fullstendig. 

Kopi av regelverk som ikkje finst i elektronisk format vil bli overlevert representanten med bod til Stortinget. Desse dokumenta er henta fram frå det eldste arkivet departementet har på huset, og inneheld i all hovudsak rundskriv og regelverk fram til 1991. Dette gjeld mellom anna investeringar, fulldyrking, grøfting og bureising. For dei ordningane som tredde i kraft tidelgare enn det materialet vi har funne i vårt arkiv, må eg be representanten Lundteigen eventuelt oppsøkje Riksarkivet for å få informasjonen han spør etter. 

Vedlagt dette brevet ligg oversikt over regelverk som er relevant for ordningane grøfting av jord og overflatedyrking av jord, og som finst elektronisk på Lovdata.no. For nydyrking blei ei statlig tilskottsordning til nydyrking formelt etablert i 1918. Denne ordninga heldt fram til 1991. Eigne reglar om nydyrking blei etablert frå 1997. Gjeldande reglar om nydyrking av areal til jordbruksformål følgjer av forskrift om nydyrkning. (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1997-05-02-423?q=nydyrking). Forskrifta er heimla i jordlova. Om nydyrking gjeld areal i statsallmenning, er det, i tillegg til nydyrkingsforskrifta, særskilte reglar om dette som følgjer av forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1984-06-22-1302?q=forskrift%20om%20seter%20og%20tilleggsjord). Forskrifta er heimla i fjellova. 

Eg vonar dokumentasjonen kjem godt med. 

Med helsing                                                                                        

Jon Georg Dale  

Vedlegg: