Svar på spm. 182 frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn

Om å frita omsetnad av kryptovalutaen bitcoin for meirverdiavgift

Eg visar til brev 11. november 2015 frå Stortinget sitt presidentskap vedlagt følgjande spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn:

«Vil EU-domstolen si avgjersle av 22. oktober om å frita omsetnad av kryptovalutaen bitcoin for meirverdiavgift få konsekvensar for tilsvarande avgiftsregime i Noreg?

Begrunnelse:
Kjøp og sal av bitcoin er gjenstand for meirverdiavgift i Noreg. Kjøp og sal av gyldige betalingsmiddel og finansielle instrument som aksjar er derimot unnateke slik avgift.

Det har fram til no vore ulik praksis i europeiske land når det kjem til mva og omsetnad av bitcoin. I si "preliminary ruling" av 22. oktober slår EU-domstolen fast at omsetnad av bitcoin skal reknast inn under unnataka i mva-direktivet, slik at det ikkje må betalast mva for slike transaksjonar. Sjølv om avgjersla og direktivet ikkje påverkar det norske regelverket direkte, er det interessant å høyre regjeringa si vurdering av konsekvensane for Noreg, og om vi er tent med å ha eit anna mva-regime på dette feltet enn resten av EØS-området.»

Svar:
I likskap med EU har Noreg unnateke finansielle tenester frå den generelle meirverdiavgiftsplikta. Ein skal til dømes ikkje berekne meirverdiavgift ved omsetnad av konvensjonelle valutaer. Bitcoin er som kjent ikkje ein konvensjonell valuta, og det har i fleire land vore uvisst om kva som er rett handsaming av meirverdiavgiftsreglane ved omsetnad av bitcoin og tenester som gjeld bitcoin.

Den aktuelle EU-dommen (sak (C-264/14) har si bakgrunn i at det svenske skatteverket tok til orde for at ein skulle berekne meirverdiavgift på tenester med å veksle bitcoin mot konvensjonelle valutaer. EU-domstolen uttalar i dommen 22.oktober 2015 at slik teneste er unnateke frå den allmenne meirverdiavgiftsplikta.

Eg er kjend med at Skattedirektoratet har uttalt at dei ser på bitcoin som ei meirverdiavgiftspliktig teneste. Finansdepartementet ga i brev 7. mars 2014 Skattedirektoratet i oppdrag å følgje med på utviklinga i EØS-området knyta til meirverdiavgift og «digital valuta». I brevet uttalte departementet at det er mykje som talar for at Noreg på dette feltet bør ha lik praksis som dei andre EØS-landa. 

Etter dommen 22. oktober 2015 har departementet i brev 13. november 2015 bedt Skattedirektoratet på nytt om å vurdere «digital valuta» og meirverdiavgift. Vi har også bedt direktoratet å vurdere om ein bør gjere endringar i meirverdiavgiftslova. Direktoratet er bedt om å svare innan 15. januar 2016.

Det er på denne bakgrunn for tidleg for meg å seie noko om kva for betyding denne EU-dommen får for meirverdiavgiftsretten i Noreg. 

Med helsing

Siv Jensen