Historisk arkiv

Svar på spm. 510 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

"Bilpakka" korleis vil den slå ut for økonomien til bilistane i 2017?

Eg viser til brev 13. januar 2017 frå Stortingets presidentskap, vedlagt spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Geir Pollestad.

Kan statsråden gje ei samla oversikt over kva som ligg i den mykje omtala «bilpakka» og korleis den samla sett og på dei ulike punkta vil slå ut for økonomien til bilistane i 2017?

Grunngjeving:
Me har alle registrert at auken i drivstoffavgiftene var på plass 1. januar 2017.

Eg er ikkje kjent med at satsane i bomstasjonane nokon plass i landet er sett ned til nå. I statsbudsjettet ligg det inne 502 millionar kroner til ordninga. I svar på skriftleg spørsmål (Dokument 15:458 (2016-2017) skriv samferdselsministeren: «Som representanten Pollestad burde vært kjent med, betyr ikke det at takstene reduseres frå 01.01.17, men de vil få effekt på takstene i løpet av året.» Det er uklårt om talet som er nytta på 502 millionar er venta effekt i 2017 og at heilårsverknaden er høgare. Om ikkje har regjeringa blese opp talet i sitt budsjettframlegg for å pynte på «bilpakka».

Det er også uklårt korleis den endra innretninga på innkrevjing av årsavgift vil påverke det beløpet som bilistane faktisk skal betale i 2017.

Svar:
Regjeringa la i statsbudsjettet for 2017 fram forslag til eit grønt skatteskifte som oppfølging av grøn skattekommisjon, jf. NOU 2015: 15 Sett pris på miljøet – Rapport fra grønn skattekommisjon. Forslaga følgde òg opp oppmodingsvedtak nr. 70 som vart fatta som følgje av handsaminga av budsjettet for 2016 i Stortinget:

«Stortinget ber regjeringen i statsbudsjettet for 2017 fremme forslag om et grønt skatteskifte som en del av oppfølgingen av innstillingen fra grønn skattekommisjon. Et slikt skifte skal innebære en økning av avgifter på utslipp av CO2 motsvart av en sektorvis reduksjon av andre skatter og avgifter. Avgifts- og skatteomleggingen skal være av en størrelse som forsterker klimaforliket og gir betydelige utslippsreduksjoner.»

Dei viktigaste endringane i det grøne skatteskiftet regjeringa fremma 2017(inkl. kompensasjonar) som påverker bilistaneer gjengjeve i tabell 1.

Tabell 1 Berekna provenyverknader av det grøne skatteskiftet. Mill. kroner

 

Påløpt

Bokført

Avgift   på autodiesel auka med samla 35 øre per liter

1 040

950

Avgift   på autodiesel auka med samla 15 øre per liter

130

120

Redusert   årsavgift for personbilar (om lag 12 pst.)

-1 220

-1 220

Auka   sats i reisefrådraget med 6 øre per kilometer

-75

-60

Auka   avskrivingssatsar i saldogruppe c) til 24 pst.

-300

-70

Reduserte   bompengar utanom storbyane

-500

-500

SUM

-925

-780

Kilde: Finansdepartementet

I tillegg vedtok Stortinget auka vekt på utslepp i eingongsavgifta som vert utlikna av nytt tilskott til vraking.

Korleis det grøne skatteskiftet vil slå ut for kvar enkelt bilist vil variere med mellom anna reisevanane til den enkelte bilisten. Nedanfor er det sett opp typeeksempel basert på føresetnader om årleg reiselengde, type køyretøy m.m. Eksempel på korleis endringane kan slå ut for privatpersonar er sette opp i tabell 1. Korleis endra avskrivingsreglar vil slå ut for den einskilde næringsdrivande avheng mellom anna av skatteposisjon, storleik på investeringa og type driftsmiddel.

Vegbruksavgift og CO2-avgift
Som følgje av det grøne skatteskiftet er vegbruksavgifta og CO2-avgifta auka med til saman 35 øre per liter for autodiesel og 15 øre per liter for bensin.

Årsavgift
Som følgje av det grøne skatteskiftet vil årsavgifta bli redusert med 12 pst. reelt. Ein eigar av ein bensindriven personbil vil få ein reell reduksjon i årsavgifta på 380 kroner frå 2016 til 2017.

I spørsmålet frå representanten vert det òg stilt spørsmål ved korleis den endra innretninga på innkrevjing av årsavgift vil påverke det beløpet som bilistane skal betale i 2017. Frå og med 2018 er det lagt opp til å erstatte årsavgifta med ei avgift på trafikkforsikring. Innføringa av den nye avgifta startar opp allereie i 2017. Dette har samanheng med at forsikringar som vert fornya i 2017, òg vil gjelde dekning for delar av 2018. For dei som betalar forsikringa i årlege terminar må difor avgifta for 2018 prisast inn i krava som vert sende ut i 2017. Ordninga inneber at dei som betalar forsikringa si i månadlege terminar vil få delt opp avgifta og slik kan unngå ein stor, årleg faktura som i dag. Avgifta på trafikkforsikring skal ein berre betale for den tida køyretøyet er forsikra. Dette gjev større fleksibilitet for den enkelte ved at ein kan unngå avgift når køyretøyet ikkje er i bruk.

Reisefrådrag
Det vert gjeve frådrag i alminneleg inntekt for arbeidsreiser mellom heim og arbeidsstad og ved besøksreiser til heimen. Satsane i reisefrådraget er i 2017 auka til 1,56 kroner per kilometer for reiser inntil 50 000 km og til 0,76 kroner per kilometer for reiser mellom 50 000 km og 75 000 km. Botnbeløpet i reisefrådraget er 22 000 kroner.

Typeeksempel
I tabell 2 er det rekna konsekvensar av det grøne skatteskiftet for bilistar for enkelte typeeksempel. I berekninga er det føresett at person 1 og 2 får reisefrådrag for ei daglig reisestrekning på 70 kilometer éin veg, dvs. til saman 140 kilometer dagleg. Person 1 nyttar bil på heile strekninga, medan person 2 reiser med tog på 65 kilometer av strekninga og med bil på dei resterande 5 kilometerane. Person 3 får ikkje reisefrådrag. For alle personane er det føresett at årlege fritidsreiser med bil utgjer 12 500 kilometer og at personane eig ein dieseldriven personbil med fabrikkmontert partikkelfilter som brukar 0,6 liter drivstoff per mil. Innsparinga den enkelte bilist vil få frå reduserte bompengetakstar utanfor storbyområda vil mellom anna avhenge av bomtaksten på strekninga dei køyrer og kor ofte dei passerer bomstasjonane på strekninga. Bompengar er difor ikkje tekne med i reknestykket.

Tabell 2 Typeeksempel. Anslag på årleg endring i skatt og avgift relatert til eige og bruk av køyretøy for privatpersonar. Negative tall betyr lette. Avgiftsendringane er rekna i forhold til referansesystemet for 2017. Reisefrådraget er rekna i forhold til 2016-reglar. Kroner

Typeeksempel

Person   1 (bilpendlar)

Person   2 (togpendlar)

Person   3

(ikkje-pendlar)

Auka   drivstoffavgifter (inkl. mva)

           1 173

             389

           328

Redusert   årsavgift

           -380

            -380

            -380

Auka   reisefrådrag

          -464

           -464

              -  

Sum

330

           -455

            -52

Kilde: Finansdepartementet

Avskrivingsreglar
Ein næringsdrivande transportør som har investert i eigedelar innanfor saldogruppe c, vil som følgje av høgare maksimale avskrivingssatsar kunne få lågare utlikna skatt for inntektsåret 2017 dersom han er i skatteposisjon. For varebilar, drosjebilar og køyretøy for transport av funksjonshemma aukar maksimal avskrivingssats frå 20 til 24 prosent i 2017. Ein transportør som har organisert verksemda i selskap, og som investerer ein mill. kroner i slike driftsmiddel, vil kunne få 9 600 kroner lågare utlikna skatt for inntektsåret 2017.

Transportørar som driv som personleg næringsdrivande vil normalt ha ein høgare marginalskattesats. For personleg næringsdrivande med maksimal marginalskattesats (49,9 prosent) vil skatten for ein som investerer ein mill. kroner i varebilar bli redusert med 20 000 kroner i 2017.

For vogntog, lastebilar og bussar aukar maksimal avskrivingssats frå 22 til 24. Skattereduksjonane knytt til investeringar i desse driftsmidla blir om lag halvparten samanlikna med døma over.

For nullutsleppsvarebilar aukar maksimal avskrivingssats frå 20 til 30 prosent. Ein transportør som har organisert verksemda i selskap, og som investerer ein mill. kroner i slike driftsmiddel, vil kunne få 24 000 kroner lågare utlikna skatt for inntektsåret 2017. For personleg næringsdrivande med maksimal marginalskattesats blir førsteårseffekten 50 000 kroner lågare skatt.

Auka avskrivingar i 2017 vil redusere avskrivingsgrunnlaga i seinare år. Den reelle skattereduksjonen utgjer renteeffekten av skattekreditten som blir oppnådd med høg avskrivingssats. I døma ovanfor utgjer noverdien av skattekredittane, rekna om til såkalla permanentinntekt (årleg, varig effekt), om lag ein femtedel av førsteårseffektane, gitt mellom anna at skattytarane over tid reinvesterer tilsvarande kapitalslit. Dette målet gir betre uttrykk for endringane i skatte- og avgiftsnivået.

Bompengar
Innsparinga den enkelte bilist vil få frå reduserte bompengetakstar utanfor storbyområda vil mellom anna avhenge av bomtaksten på strekninga dei køyrer og kor ofte dei passerer bomstasjonane på strekninga.

Bomprosjekt på riksvegar utanfor byområda vil kunne få auka statlege midlar for å redusere takstane. Tilskot til reduserte bompengetakstar utanfor byområda vert tildelt etter søknad. Bompengeselskapa må kunne dokumentere takstreduksjon og tilslutning til ny organisering. Vidare må lånegarantisten godkjenne ein reduksjon i takstane. I løpet av kort tid vil Vegdirektoratet sende ut eit brev kor søknadskriteria er nærare beskrive. Ettersom tilskotsordninga er basert på søknad, må det reknast noko tid til å handsame søknadar frå bompengeselskapa. Vidare må lånegarantisten godkjenne ein reduksjon i takstane og dette må handsamast i respektive fylkesting. Regjeringa ynskjer at takstane vert reduserte så snart som mogleg. Vi har vore tydelege på at endringa ikkje vil gje reduserte takstar frå 1. januar 2017 fordi ein må rekne noko tid for at denne søknadsprosessen skal fullførast. Heile beløpet på om lag 500 mill. kr vil likevel kome bilistane til gode ved at eventuelle restbeløp i 2017, etter at takstreduksjonar er gjennomført, vil gå til å kutte gjeld  i dei selskapa som mottar tilskotet.

Med helsing
Siv Jensen