Historisk arkiv

Svar på spørsmål nr. 1245 fra stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Om trygdeytelser og skatt

Eg viser til brev 9. juni 2017 frå Stortingets president vedlagt følgjande spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn:

«Er statsråden samd med at når ein mottakar av trygdeytingar får etterbetalt yting grunna endra trygdestatus med tilbakeverkande effekt, så må også denne ytinga skatteleggast i høve til den nye statusen?

Grunngjeving:
Det er i dag mogeleg å få ein ny status som trygdemottakar, òg med tilbakeverkande kraft. Etterbetalt yting vert trass dette skatta i samsvar med tidlegare status. Sidan statusendringa er meint som eit korrektiv for tidlegare status, bør skattelegging også samsvare med ny status. For eksempel bør ein som mottar arbeidsavklaringspengar, for så å bli kategorisert  som ung ufør med tilbakeverkande kraft, oppleve at etterbetalinga vert skattlagt som ung ufør.»

Svar:
Spørsmålet til arbeids- og sosialministeren gjeld skatteberekning ved etterbetalte ytingar. Spørsmålet er fordelt til meg som statsråd med ansvar for skatteregelverket.

Dersom ein mottakar av trygdeytingar får etterbetalt yting grunna endra trygdestatus med tilbakeverkande effekt, skal skatten bereknast til det beløpet skatten ville ha utgjort viss ytingane hadde vore skattlagde i dei åra utbetalingane knyt seg til. Dette gjeld berre viss skattytaren kjem gunstigare ut av ei slik berekning, sjå skattelovforskrifta (fsfin.) § 14-3-1. Med andre ord vert etterbetalte ytingar skattlagde i tråd med ny status dersom dette er gunstigare for skattytaren. Dette kan til dømes gjelde tilfelle der ein mottakar av arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd får etterbetalt tillegg som ung ufør.

Slik skatteberekning er likevel ikkje aktuell for tilfelle der endra trygdestatus ikkje gjev rett til etterbetaling. Eg viser her til Skattedirektoratets Skatte-ABC 2016/2017 «Etterbetaling av pensjon, trygdeytelser eller lønn» punkt 2.5.1:

«Slik skatteberegning er imidlertid ikke aktuelt hvor det ikke skal foretas noen etterbetaling. Dette gjelder f.eks. hvor uføretidspunktet fastsettes tilbake i tid, mens det i perioden er utbetalt sykepenger, arbeidsavklaringspenger, rehabiliteringspenger- eller attføringspenger eller midlertidig uførepensjon (for tidspunktet før de ble erstattet av arbeidsavklaringspenger).»

Skatteberekninga er difor avhengig av om skattytaren har rett til etterbetaling som følgje av endra trygdestatus. Det er eit grunnleggjande prinsipp at ein ikkje har krav på to ytingar som skal dekkje same behov for inntektssikring samstundes. For ein person som til dømes får 100 pst. sjuke- og arbeidsavklaringspengar i perioden 2010-2017, og deretter får uføretrygd, kan uføretidspunktet vere 2010, medan retten til uføretrygd ikkje gjeld før i 2017.

Med helsing

Siv Jensen