Svar på spørsmål nr. 1535 fra stortingsrepresentant Terje Breivik

Enklare regelverk for jordbruksfrådrag

Eg viser til brev 2. september 2016 frå Stortingets president vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Terje Breivik:

«Kan regelverket knytta til videreforedling av eiga ressursar på gårdsbruk gjeras enklare?

Grunngjeving:
Slik Venstre forstår det inngår ikkje inntekt frå foredling av egne råvarer i  berekning av jordbruksfrådrag. Det betyr at bønder må drive to næringsverksemder, ein for drift av gården og ein særskilt for videreforedling dersom dei skal få jordbruksfrådrag. Slik vi forstår dette bidreg det til unødig papirarbeid ved at bøndene må føre to ulike regnskap. Gardsrekneskapen har krav på jordbruksfrådrag, men det har ikkje foredlingsdelen. Ein må då til dømes kjøpe mjølk av seg sjølv for at gardsrekneskapen skal få inntekt, slik at ein får nytta jordbruksfrådraget. Ein må også fordele driftsmidler og kostnader mellom dei to produksjonane. Dette virkar komplisert og legg ikkje til rette for næringsverksemd og videreforedling av eigne råvarar.

Slik Venstre forstår det vert og ulike produksjonar behandla ulikt. Ein frukt, egg eller grønnsakproduksjon med vask og pakking, kan til dømes seljast direkte til forbrukar utan at det krevst separat rekneskap og der inntekta gjev grunnlag for jordbruksfrådrag.

Slik Venstre forstår det er ysting og anna foredling på garden i Tyskland likestilt med anna landbruksproduksjon skattemessig. Slik produksjon kallas «urproduktion» i Tyskland.»

Svar:
Om ei inntekt gir rett til jordbruksfrådrag, er nærare regulert  i forskrift frå Finansdepartementet til skattelova (FSFIN) § 8-1-11. Som jord- og hagebruk er her mellom anna definert verksemd som ved bruk av jorda og/eller gjennom husdyrhald produserer mat eller fôr. Etter praksis går inntekt frå foredling og sal av foredla jordbruksprodukt (produkt frå jord- og hagebruk) ikkje inn i grunnlaget for jordbruksfrådraget. Det går altså eit skilje mellom produksjon og førstehands omsetning av jordbruksprodukt på den eine sida, og foredling og omsetning av foredla produkt på den andre sida. Dersom ein jordbrukar driv foredling og /eller sal av varer som er produsert på garden, er det i utgangspunktet salsverdien av innsatsvarene ved alternativ omsetning i ordinære omsetningsledd som kan takast inn i grunnlaget for jordbruksfrådraget . 

Avgrensinga som er gjort må ein sjå på bakgrunn av føremålet med jordbruksfrådraget då det blei etablert. Jordbruksfrådraget skulle kompensere for reduserte målprisar på produksjon av varer som var omfatta av jordbruksavtalen. Dette tilsa at vidareforedling i utgangspunktet ikkje blei omfatta.

I grunngjevinga vert det vist til eit døme der skattytar driver to verksemder og kjøp og sal mellom desse for å få jordbruksfrådrag for primærproduksjonen, i form av til dømes mjølk eller liknande. Det skal ikkje vere naudsynt for å oppnå jordbruksfrådrag. Det sentrale er at inntekter som gir rett til jordbruksfrådrag, vert skilte ut og ført særleg på Landbruksskjemaet for berekning av jordbruksfrådraget, og at bønder som har inntekter innanfor og utanfor jordbruksfrådraget, fører rekneskap på ein måte som er eigna til å skilje desse inntektene og kostnadane.

Særlege skatteordningar som jordbruksfrådraget vil skape problem med avgrensing. Dette må ein løysa i samsvar med føremålet og bakgrunnen for ordninga, ikkje med utvidingar som skaper nye problem med avgrensingar.

Med helsing

Siv Jensen