Historisk arkiv

Svar på spørsmål nr. 1670 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Flypassasjeravgift for transfer- eller transittpassasjerer

Eg viser til brev 30. september 2016 frå Stortingets president vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad til skriftleg svar:

"Kan statsråden garantere at ingen transfer- eller transittpassasjerer betalar flypassasjeravgift meir enn ei gong per reise?"

Svar:
Flypassasjeravgifta er som alle andre særavgifter ei deklareringsavgift, dvs. at dei avgiftspliktige (flyselskapa) sjølve og uoppmoda skal berekne og betale rett avgift.

Som nemnt i svaret på tilsvarande spørsmål nr. 1176 må dermed dei avgiftspliktige dokumentere at vilkåra for fritak er oppfylte dersom dei vil nytte fritaket, dvs. at dei må berekne og betale avgift dersom dei ikkje kan dokumentere dette. Flyselskapa vel sjølve korleis dei vil dokumentere fritaket. Eg kan ikkje garantere på vegne av flyselskapa.

Med helsing

Siv Jensen