Svar på spørsmål om norske interesser i WTO-forhandlingane

Utanriksminister Ine Eriksen Søreides svar på spørsmål frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) norske interesser i WTO-forhandlingane.

Skriftlig spørsmål nr. 15:256 (2017-2018).
Datert 15.11.2017

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp)
Kva strategiar har regjeringa for å fremje norske interesser i WTO-forhandlingane og kva har regjeringa gjort fram til no?

Svaret frå utanriksministeren
Trygging og styrking av WTO er Noregs primære handelspolitiske interesse. I førebuingane til ministerkonferansen i Buenos Aires arbeider Noreg derfor aktivt for å medverke til eit samlande og konstruktivt resultat som peikar framover og tar vare på WTO si rolle som det sentrale handelspolitiske forhandlingsforumet.

Utsiktene til resultat i Buenos Aires er usikre. Medlemene sine posisjoner står langt frå kvarandre. Det er ikkje venta store framsteg i Buenos Aires. Noreg er blant pådrivarane for eit resultat på fiskerisubsidiar for å hjelpe til å oppfylle berekraftsmål 14.6 om å forby subsidiar som medverkar til overkapasitet og overfiske, og eliminere subsidiar til ulovleg, urapportert og uregulert (UUU) fiske innan 2020. Fram mot Buenos Aires forhandlar medlemslanda særleg om å eliminere subsidiar til UUU-fiske.

Det synest lite truleg at ein vil oppnå resultat om kutt i jordbrukssubsidiar i Buenos Aires, men regjeringa tar aktiv del i forhandlingane med høg aktsemd, inkludert saman med andre likesinna medlemer, for å fremje norske interesser.