Historisk arkiv

Svar på spørsmål om pygmeane sin situasjon i Kabare, DR Kongo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende sitt svar på eit spørsmål frå Astrid Aarhus Byrknes (KrF) om kva ministeren vil gjere med den vanskelege situasjonen for pygmeane i DR Kongo.

Skriftleg spørsmål nr. 1311 (2015-2016).
Datert 17.06.2016

Frå representanten Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til utanriksministeren:
Pygmeanes situasjon i Kabare i DR Kongo er vanskeleg. Dei opplever å bli trua og fordrevne ut av nasjonalparken. Kan utanriksministeren ta initiativ overfor FN til at denne folkegruppa får kome i kontakt med det permanente forum for urfolk (UNPFFI) slik at også dei kan arbeide med denne saka?

Utanriksministeren sitt svar:
Regjeringa arbeider for å styrke rettane til verdas urfolk, som ofte er blant dei fattigaste og mest marginaliserte folkegruppene i verda.

Det permanente forumet for urfolkssaker i FN (UNPFFI) er eit rådgjevande organ for FN sitt økonomiske og sosiale råd (Ecosoc). Forumet skal gje råd og kome med tilrådingar i saker som gjeld urfolka i verda, på område som økonomisk og sosial utvikling, kultur, utdanning, helse og menneskerettar. Noreg tek del i dette forumet, som møtest éin gong i året, og tek opp situasjonen til utsette urfolksgrupper i denne og andre samanhengar.

For å få si sak vurdert av FN, kan den aktuelle folkegruppa i Kabare ta kontakt med kontoret til FN sin spesialrapportør for rettane til urfolk. Spesialrapportøren har til oppgåve å undersøke, rapportere og gje råd til alle medlemslanda i FN om korleis dei kan etterleve og sikre rettane til urfolk i landet. Dersom spesialrapportøren oppdagar at eit land bryt desse rettane, vert dette rapportert til FN sitt menneskerettsråd.

Mange urfolk opplever å misse dei tradisjonelle landområda sine, fordi dei kollektive, tradisjonelle rettane deira ikkje vert rekna for å vere formell eigedomsrett. Innsatsen for å støtte opp om urfolk sine rettar til skog og naturressursar er såleis viktig. Dette arbeidet går saman med regjeringa sin innsats mot avskoging og for ei berekraftig forvalting av dei tropiske skogane i verda.

Gjennom Central Africa Regional Programme for the Environment (Carpe), gjev Noreg nærare 140 millionar kroner i støtte til tiltak for berekraftig skogforvalting i fleire område i Den demokratiske republikken Kongo (DRK) mellom anna i Sør-Kivu, der denne urfolksgruppa lever. I september 2015 inngjekk Noreg ein avtale om å støtte Central African Forest Initiative (Cafi) med inntil 400 millionar kroner per år fram til 2020. DRK er det første landet som får støtte gjennom Cafi. I tillegg er det lagt planar for å støtte arbeid som sivilsamfunnet utfører i DRK med nær 200 millionar for 2016. Midlane går mellom anna til Kirkens Nødhjelp, Regnskogfondet, Care, Redd Barna og Caritas Norge. I prosjekta vert det lagt særleg vekt på sårbare folkegrupper.