Historisk arkiv

Svar på spørsmål stemmerett for nordmenn i andre EØS-land

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Skriftleg spørsmål nr. 1258 (2014-2015).

Statsråd Vidar Helgesen sitt svar på eit spørsmål frå Sveinung Rotevatn (V) om kva regjeringa vil gjere for å at nordmenn skal få rett til å delta ved lokalval i andre EØS-land.

Skriftleg spørsmål nr. 1258 (2014-2015).
Datert 23. juli 2015


Spørsmål frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V):
Eg vil be ministeren ved Statsministerens kontor for samordning av EØS-saker og forholdet til EU gje skriftleg svar på følgjande spørsmål:

Vil regjeringa jobbe for at nordmenn får rett til å delta ved lokalval i andre EØS-land?

Grunngjeving: Artikkel 22 i Maastricht-traktaten gav alle EU-borgarar rett til å delta i lokaldemokratiet uavhengig av kva medlemsstat dei oppheld seg i. Dette gjeld både retten til å stemme og retten til å stille til val.

Denne retten gjeld likevel ikkje for nordmenn, trass i at EØS-avtalen er basert på eit likebehandlingsprinsipp og Noreg sjøIv fører ein liberal praksis når det gjeld stemmerett for utlendingar.

At utlendingar engasjerer seg i lokalpolitikken er noko vi opplever som ein stor verdi i Noreg, og formodentleg også i andre land. Det er med på å styrke integreringa, og det bidreg til utveksling av kulturell og politisk erfaring.

For mange nordmenn som bur og jobbar i andre europeiske land vert dette opplevd som lite rettferdig. At Noreg fører ein svært streng praksis for doble statsborgerskap, gjer det ikkje enklare for norske statsborgarar å oppnå demokratiske rettar i landet ein oppheld seg.

Det ville vore svært positivt om regjeringa, både på bilateralt og multilateralt nivå, kunne jobbe for nordmenn sine demokratiske rettar i andre EØS-land.

Statsråd Vidar Helgesen sitt svar:
Eg vil takke representanten for eit interessant og aktuelt spørsmål like før valet til kommunestyre og fylkesting. Eg vil først få understreke at i den norske vallova har vi gjeve stemmerett og rett til å stille som representantar på lokalt og regionalt nivå til alle utanlandske innbyggjarar som oppfyller krava i lova, slik det står i lovas kapittel 2 § 2-2. Denne retten gjeld altså for både europearar og folk frå andre delar av verda.

Representanten peikar på at innbyggjarar i EU som flyttar til eit anna EU-land får stemmerett ved lokalval og ved val til Europaparlamentet også i dei EU-landa som dei flyttar til. Denne retten vart skriven inn i Maastricht-traktaten i 1992, og seinare vart den teken inn i Traktaten om den europeiske unionen sitt verkeområde, i traktaten sin del 2, om like vilkår og unionsborgarskap (artikkel 20, 2. ledd). Desse rettane er ein del av dei politiske rettane til dei som er medlemmar i EU. I EØS-avtalen er ikkje desse politiske rettane med. Difor er heller ikkje retten til å stemme i lokalval for norske statsborgarar som bur i eit anna EU-land ein del av EØS-avtalen.

Eg tolkar spørsmålet frå representanten, om regjeringa vil ta opp med dei andre EØS-landa ynskjet om å få stemmerett for nordmenn som bur i desse landa, at vi burde arbeide for å få ein slik rett inn EØS-avtalen, sidan EU-statsborgarar har denne retten frå Maastricht-traktaten. Til det vil eg svare at regjeringa ikkje har planar om å ta initiativ til endringar i EØS-avtalen for å utvide den til òg å innehalde dei politiske rettane som i dag ikkje er ein del av avtalen.