Historisk arkiv

Svar på spørsmål om Tisa og marknadsadgang

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Skriftleg spørsmål nr. 988 (2014-2015).

Utanriksminister Børge Brende sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om kva for marknader og kva for land ei eller fleire norske bedrifter har møtt nasjonale stengsel mot i dag, som dei vil få tilgang til som følgje av Tisa-avtala.

Skriftleg spørsmål nr. 988 (2014-2015).
Datert 18.05.2015

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren:
Kan statsråden gjere greie for kva for marknader og kva for land ei eller fleire norske bedrifter har møtt nasjonale stengsel mot i dag, som dei vil få tilgang til som følgje av Tisa-avtala?

Utanriksministerens svar:
Tisa-forhandlingane spring ut av manglande framdrift i dei multilaterale forhandlingane i WTO (Doha-runden). WTO-ministrane opna i 2011 for alternative måtar å oppfylla Doha-mandatet. Global handel med tenester vert stadig viktigare. Det er behov for å tilpassa internasjonale reglar til den utviklinga som har skjedd sidan WTO-avtala om handel med tenester, Gats, vart ferdigforhandla i 1995. Ei gruppe land byrja våren 2012 å drøfte forhandling om ei avtale om handel med tenester. Etter at omlag 50 WTO-medlemmar vart samde om eit felles rammeverk, vedtok regjeringa Stoltenberg II våren 2013 at Noreg skulle ta del i forhandlingane om ei internasjonal avtale om handel med tenester (Tisa). Regjeringa Solberg stadfesta hausten 2013 denne avgjerda.

Noreg jobbar for at norske tenesteleverandørar skal få lik behandling som nasjonale aktørar, når dei tilbyr tenester på ein utanlandsk marknad. I mange land opplever norske bedrifter at dette ikkje er tilfelle. Denne forskjellsbehandlinga er ulik i ulike sektorar og i ulike delmarknader. Maritim sektor, telekommunikasjon, energirelaterte tenester og finansielle tenester er prioriterte sektorar for Norge.

For Noreg er det viktigaste i Tisa-forhandlingane å arbeida for at openheita som allereie gjeld i Tisa-marknader vert avtalefesta. Noreg har i stor mon allereie avtalefesta vårt relativt opne regime i Gats. Slik er det ikkje i alle Tisa-land. Tisavil gje norske bedrifter meir naudsyn førehandskunnskap og stabilitet om vilkåra for tilgang til desse marknadene. Dette vil gjera det mogleg å satsa seriøst, og på lang sikt, på einskilde marknader. Dessutan støtter Noreg initiativ til å fjerne dei unntaka for nasjonal behandling som finst i einskilde Tisa-land og som er mest øydeleggjande i prioriterte norske einskildsektorar. Dette gjeld til dømes krav om lokal medeigar eller grense for utanlandsk eigarskap i tenestenæringar der etablering i marknaden er naudsynt. Ulikt den norske marknaden gjeld slike unntak i mange Tisa-land, til dømes i Aust-Asia og Latin-Amerika, trass i at unntaka gjeld sektorar der det finst ein marknad og der det skjer handel internasjonalt.