Historisk arkiv

Regjeringas klimaplan - korleis kan partane i arbeidslivet bidra?

Sveinung Rotevatns innlegg under Arbeidslivets klimaveke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatns innleiing og dialog med programleiar Erik Aasheim på Unio sitt arrangement under Arbeidslivets klimaveke 26. januar 2021.

Takk for at eg får vere med på dette arrangementet. Eg har eit tidlegare liv som stortingsrepresentant, og frå det livet har eg tatt med meg kor viktig partane i arbeidslivet er i all norsk politikk. Sjølvsagt i arbeidslivspolitikken, men også i veldig mykje av det andre vi driv med, også klima- og miljøpolitikken.

Fagrørsla både i Noreg og internasjonalt har spelt ei viktig rolle for eksempel i arbeidet med klimaforhandlingane, der dei har vore opptekne av å få inn viktige punkt om det ein kallar "just transition" eller rettferdig omstilling. Det er ein sentral del av den internasjonale klimaagendaen.

I alle omstillingar vil det vere enkelt for nokon og krevjande for andre. Vi må sørge for å ivareta sosial rettferd i det omstillingsprosjektet som det grøne skiftet kjem til å vere.

Det er viktig å ha med seg desse perspektiva. Eit eksempel på det er at i førre veke kom det ei undersøking som viste ei djup mistru mellom tilsette i olje- og gassbransjen og miljørørsla. Dei tilsette i olje- og gassbransjen føler at miljørørsla har null empati eller forståing for alle dei som jobbar i den bransjen.

Dette er berre eit eksempel på vi at ikkje kan drive omstilling på den måten. Vi må drive omstilling på ein måte der folk har gjensidig tillit til kvarandre, med respekt for at ein har ulike syn, også for eksempel på olje- og gassbransjen si framtid i Noreg. Ein må klare å forstå kvarandre sine synspunkt.

Det er viktig i lys av den utviklinga vi har sett i mange andre land. USA er nærliggjande, men også Frankrike. Vi må snakke godt på tvers av partsgrenser, partigrenser og næringsgreiner.

I den raske omstillinga vi skal gjennom, er det også mange moglegheiter, nye jobbar som kjem til å kome. Vi må ruste oss for det på ein måte som ivaretek den grunnleggjande samfunnstryggleiken.

For regjeringa sin del kjem vi til å framleis legge til rette for eit organisert arbeidsliv med eit velfungerande og effektivt trepartssamarbeid. Mellom anna fordi vi meiner at trepartssamarbeidet ikkje er nokon hemsko for Noreg, men ein konkurransefordel i den globale og europeiske økonomien.

Så ser eg av programmet i dag at de skal få mykje gode innspel om dette, og eg kjem tilbake og vil snakke meir konkret om klimaplanen.

Takk skal du ha. Klimaplanen skal vi snakke meir om no, ein plan for omstilling av heile Noreg. Korleis skal vi oppfylle klimamålet og samstundes skape grøn vekst?

Dette er ein omfattande plan, og  det er noko av styrken ved den. Dette er ikkje eit dokument til Stortinget der vi seier at vi skal kutte så og så mykje, langt fram i tid, og så ser vi korleis det går. Det er ikkje poenget med klimaplanen.

Tvert imot er det ein del heilt nye ting her. For det første skal vi ikkje berre ha eit klimamål langt fram i  tid. Vi skal ha eit klimamål for kvart einaste år – der vi skal kutte meir og meir fram til 2030. Og vi skal bli haldne ansvarleg for det.

Utsleppa i Noreg går ned. Det er bra, men dei går ikkje raskt nok ned. Derfor treng vi denne planen.

Det som også er heilt nytt, er at ei norsk regjering no både seier kva vi skal gjere dei neste ti åra, og vi seier kor mykje det kjem til å bidra med i utsleppskutt, utfrå våre faglege vurderingar. I planen vil de sjå nøyaktig kor mykje utslepp vi meiner vi vil kutte ved å auke CO2-avgifta, bruke biodrivstoff, stille tøffe anbodskrav i offentlege innkjøp, inngå klimaavtale med jordbruket, og veldig mykje meir.

Dette er den mest omfattande, detaljerte og ambisiøse klimaplanen ei norsk regjering har lagt fram. Og det skulle berre mangle, for klimautfordringa er meir prekær enn nokon sinne og vi har dårleg tid.

Det som har vekt mest debatt, er det som er hovudverkemidlet i planen: Å gjere det dyrare å forureine.

Vi kjem ingen veg utan at det kvart einaste år blir litt dyrare å sleppe ut CO2 for alle, slik at den nye grøne teknologien løner seg på sikt når ein skal gjere store investeringar, anten det er i industrien eller i den enkelte familie.

Det å sende langsiktige prissignal, som vi no gjer, med å nesten firedoble CO2-avgifta, det er viktig for alle dei små og store beslutningane. Eg er glad for at også Unio har vore støttande til den tankegangen.

Men vi skal ikkje berre gjere det. Vi skal bruke den store kraftige muskelen som offentlege innkjøp er. Det offentlege Noreg kjøper varer og tenester for 500 milliardar kroner i året.  Det er musklar vi skal bruke til omstilling.

Vi kjem dei neste åra til systematisk å stille krav om klimavenlege innkjøp. Frå og med neste år, 2022, er beskjeden til alle kommunar, fylkeskommunar og staten at når dei kjøper personbilar og varebilar, så skal det vere nullutslepp. Frå 2025 gjeld det bybussar.

Frå 2024 kjem det krav til havbruksnæringa, 2023 alle ferjeanbod, 2025 hurtigbåtar. Kvart einaste år framover, etter kvart som teknologien modnast, vil det bli stilt den typen krav. Det vil bidra til betydelege utsleppskutt.

Vi skal også gjere mykje inn mot olje -og gassindustrien, der vi no sendar signal om auka avgifter som kjem til å bidra kraftig til utbygging av flytande havvind og elektrifisering. Luftfarten legg vi omfattande planar for, jordbruket skal redusere utsleppa sine.

Så er det ein veldig viktig føresetnad for alt dette. Vi skal ikkje kutte utslepp fordi vi skal inn i ei dårlegare framtid, med svakare velferdsstat, mindre lønsame bedrifter og verre liv for folk flest. Tvert imot.

 

Med denne planen legg vi til rette for konkurransekraft i næringslivet, betre liv for alle, og at vi skal ruste Noreg for framtida.

Det er derfor vi har brukt som overskrift at vi skal kutte utsleppa og ikkje utviklinga. Og det trur vi oppriktig at er mogleg å gjere viss alle spelar på lag: Partane i arbeidslivet, alle dei dyktige bedriftene, folk flest, politikarane.

Dei siste åra har vi fått det til. Utsleppa går nedover, dei er på sitt lågaste nivå på 27 år samtidig som vi har utvikla nye grøne løysingar og ikkje lagt ned store industriarbeidsplassar.

Dette er tankegangen. Planen er på 212 sider. Eg skal ikkje dra gjennom alle, men her var nokre overskrifter.

Planen er blitt kritisert for ikkje å vere ambisiøs nok. Det er forvirrande med desse prosentane, frå fra 40 til 45 prosent i ikkje-kvotepliktig sektor, minst 50-55 prosent totalt, medan EU har minst 55 prosent.  Kvifor har ikkje Noreg same mål som EU?

Eg kan jo bidra meir til forvirringa med å seie at EU sitt mål om 55 prosent skal ireknast skog og arealbruk, noko det norske målet ikkje gjer, slik at det europeiske målet i realiteten er 52,8 prosent og ikkje 55 prosent. Det er komplisert, men eg trur den enklaste måten å tenke på er at vi skal cirka halvere utsleppa våre i ulike sektorar fram mot 2030. Litt under 50 prosent i nokre sektorar, litt meir enn 50 prosent i andre.

I sum har vi lova FN at vi skal kutte utsleppa med 50 – 55 prosent fram mot 2030. Det er eit betydeleg hopp frå det klimamålet Noreg hadde fram til februar i fjor, nemleg 40 prosent. Vi var blant dei første landa i verda som skjerpa inn vårt klimamål.

Den planen vi har lagt fram gjeld alle sektorar i Noreg: ikkje-kvotepliktig sektor, kvotepliktig sektor og skog- og arealbruk. Regjeringa meinar at med det vi har tenkt å gjennomføre, kjem vi til å nå vårt Parismål om 50-55 prosent klimareduksjonar i økonomien. Det er utgangspunktet.

Men vi er djupt integrert i det europeiske samarbeidet – det betyr mykje for oss kva den europeiske kvoteprisen kjem til å vere framover.

Då er den gode nyheten at det ikkje berre er Noreg som har skjerpa sine ambisjonar. Rett før jul stramma omsider EU inn sitt klimamål, slik vi har jobba for lenge, og det neste året kjem til å bli veldig spennande, for då skal mykje ny konkret klimapolitikk bli utforma på europeisk nivå. Det kjem til å påverke mykje av det som skjer i Noreg.

Her, som elles, er det ikkje slik at vi er eit utanforland. Vi er djupt integrert i Europa, og godt er det, for vi er ein del av Europa, også i klimapolitikken.

Oslos miljøbyråd  frå MDG kallar klimaplanen «eit svik mot framtidas generasjonar" og meiner planen sviktar når det gjeld vegtrafikk, bygg og avfallshandtering. Kva svarer du til det?

 Så vidt eg hugsar, sette Oslo seg som mål å halvere utsleppa på fire år. Etter fire år er vel summen at dei har gått ned med 2-3 prosent. Så eg har lagt merke til at Oslos miljøbyråd i det siste er blitt veldig oppteken av at det er staten sin feil at ein ikkje lykkast med alt ein hadde tenkt å gjere i Oslo.

Eg vel ei litt meir konstruktiv tilnærming. Vi heng i lag alle saman –  staten Noreg lykkast når Oslo lykkast, når Bergen lykkast, når alle norske kommunar lykkast. Å bruke ord som "svik" synest eg nok fell på sin eigen urimelegheit.

Dei fleste miljøorganisasjonane har teke planen godt imot og kallar den eit tidsskilje, og seier at det er mykje bra og konkret der. Og ikkje minst, næringslivet seier i stor grad det same. Og det er veldig bra. For eg tenker at den tida då klimapolitikk var noko ein skulle sette opp mot arbeidsplassar og næringsutvikling, den er heldigvis i ferd med å gå over. Eg opplever at næringslivet er ambisiøse og skjønner at tøffe klima- og miljøkrav og investeringar i ny teknologi er bra for konkurransekrafta til bedriftene og for Noreg.

Eg forventar ikkje ståande applaus for alt som står i klimaplanen, og vi må gjere fleire ting framover. Men eg vil nok seie at i all hovudsak, i alle fall for dei som ikkje har direkte partipolitisk interesse av det motsette, så er planen teken godt imot.