Historisk arkiv

Ta sommarjobb som fiskar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

- Sjømatnæringa er ei viktig framtidsnæring for Noreg, og regjeringa vil styrke rekrutteringa til fiskaryrket. Derfor vidarefører vi ordninga med ungdomsfiske i 2015. Når dyktige ungdommar kjem tidleg inn i fiskaryrket bygger dette langsiktig kompetanse for sjømatnæringa, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien. Ordninga gjeld alle dei fiskeslag som det elles blir fiska på langs kysten.

– Vi har auka skolekvotane og gitt lærlingar ein eigen kvote som er verdt 30.000 kroner. Saman med ungdomsfisket blir dette tre viktige tiltak for å rekruttere fleire unge fiskarar. Eg oppfordrar alle ungdommar som er nysgjerrige på fiskaryrket til å ta sommarjobb som fiskar, seier Aspaker.

Interesserte ungdommar kan vende seg til Fiskeridirektoratet for orientering og registrering.

Meir om ordninga
 
Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien. Ordninga vil gjelde for heile landet i perioden frå og med 22. juni og til og med 14. august 2015, og femner om alle fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten.

For fiske etter rognkjeks er det særlege reglar. Ordninga for rognkjeks gjeld i perioden frå og med 12. mai til og med 20. juni 2015 vest for 26°A (ca. Nordkapp), og i perioden frå og med 12. mai til og med 5. juli 2015 i Finnmark aust for 26°A. Avslutningstidspunkt er lik stoppdatoane i det ordinære rognkjeksfisket. Ordninga gjeld ikkje for manntalsførde fiskarar.
 
Ungdomsfisket kan drivast med stang, handsnøre, juksemaskin, garn med samla lengd på inntil 210 meter, liner med inntil 300 anglar og inntil 20 teiner eller ruser.
 
Avgrensinga i bruk av reiskapar gjeld per fartøy. Ved ungdomsfiske i regi av ein kommune – der fleire ungdommar fiskar med same fartøy – kan Fiskeridirektoratets regionkontor gi unntak frå reiskapsavgrensinga per fartøy, men ikkje per person.
 
For fiske etter rognkjeks i denne ordninga gjeld det ei avgrensing på 600 kilo utilverka rognkjeksrogn per person og per fartøy. Rognkjeksfisket skjer på grunt vatn langs fjøra, og saman med reiskapsavgrensinga på inntil 210 meter garn er det eit vilkår at fartøyet må vere mindre enn 6 meter. Dette er for å sikre at ordninga kjem målgruppa til gode. I sommarfisket etter andre fiskeslag er det ikkje ei slik avgrensing i storleiken på fartøyet.
 
Det er lov å nytte merkeregistrerte fiskefartøy i ordninga med ungdomsfiske, men det er ein føresetnad at avgrensinga i reiskapsbruken blir følgd. Derfor kan ikkje merkeregistrerte fartøy nyttast til ordinær drift eller ha reiskap i sjøen i tillegg til dei nemnde avgrensingane i den perioden fartøyet blir nytta i ungdomsfisket. Det vil seie i perioden frå fartøyet første gang blir nytta i ordninga med ungdomsfiske til siste fangst er levert.

Ungdom under 12 år kan av sikkerheitsgrunnar ikkje delta i ordninga.