Historisk arkiv

Tamreinerstatningane redusert for reindriftsåret 2018/2019

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Data frå Miljødirektoratet viser at talet på erstatta tamrein som har vorte tekne av rovvilt var noko lågare i fjor enn året før. Nedgangen er størst i Øst-Finnmark reinbeiteområde.

Det vart søkt om erstatning for 65 000 tamrein og av desse vart 17 802 dyr erstatta. Kongeørn, gaupe og jerv er dei rovdyra som tek flest tamrein, men i 2018/2019 var det færre dyr som blei dokumentert tekne av desse rovdyra enn året før. I alt var det 3000 færre tamrein som vart erstatta på grunn av tap til dei tre rovdyrartane.

–Det er positivt at talet på tamrein erstatta som har vorte tekne av rovvilt var noko lågare i siste reindriftsår enn året før, og at tapsreduksjonen er på nesten 26% sidan 2013. Forvaltninga arbeider kontinuerleg for å redusere tap av beitedyr, mellom anna gjennom å føre ei tydeleg soneforvaltning, oppfølging av tamreineigarar og ved å gjere skadefelling meir effektivt., seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

 

Dokumenterte tap til ulv og bjørn auka noko i 2018/2019. Av 286 tamrein tekne av ulv vart 250 erstatta i Finnmark. Erstatningsutbetalingane var på 80,6 millionar kroner for reindriftsåret 2018/2019 og det var nær 8 millionar kroner mindre enn i 2017/2018.

 

Reindriftsår

Antall tamrein erstattet

Prosent endring fra forrige år

2012-2013

23970

 

2013-2014

20409

-14,9 %

2014-2015

19221

-5,8 %

2015-2016

17831

-7,2 %

2016-2017

17374

-2,6 %

2017-2018

21201

+22,0 %

2018-2019

17802

-16,0 %

 

Dette gir ein gjennomsnittleg tapsreduksjon på 4,1 % per år i perioden 2012-2013 til 2018-2019

 

Les meir på Miljødirektoratet sin heimeside her.