Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Tillate å importere nye genmodifiserte nellikar

To genmodifiserte nelliktypar kalla "Moonaqua" og "Moonvista" kan omsetjast i Noreg som avskorne blomar. Kronblada til nellikane er modifiserte frå kvit til lilla.

Norske styresmakter motset seg ikkje EU sitt godkjenningsvedtak for dei to nelliktypane. Den norske avgjerda er i tråd med tidlegare avgjerder i år 2000 og 2017.

Genteknologiloven opnar for godkjenning 


Genteknologiloven av 1993 regulerer framstilling og bruk av genmodifiserte organismar i Noreg. EU sitt direktiv om utsetjing av genmodifiserte organismar, kalla utsetjingsdirektivet, er innlemma i EØS-avtalen og implementert ved genteknologiloven.

Norske styresmakter vurderer alle genmodifiserte organismar (GMO-ar) som er til behandling etter EUs utsetjingsdirektiv. GMO-ar som ikkje blir tillate etter EUs utsetjingsdirektiv, er heller ikkje tillate i Noreg.

Genteknologiloven slår fast at det ikkje blir kravd godkjenning for omsetning av eit produkt som er godkjent for omsetning i eit anna EØS-land. Noreg har likevel moglegheit til å forby eller avgrense omsetninga av ein direktivgodkjent GMO. Det kan skje dersom ein GMO blir vurdert å medføre risiko for helse eller miljø, eller omsetning elles er i strid med genteknologilovens formål om at framstilling og bruk skal skje på ein "… etisk og samfunnsmessig forsvarlig måte, i samsvar med prinsippet om bærekraftig utvikling og uten helse- og miljømessige skadevirkninger". Norske forbod etter genteknologiloven vart sist fatta ved kongeleg resolusjon sommaren 2017 for ein genmodifisert maistype og tre genmodifiserte rapstypar.

Ikkje knytt miljø- eller helserisiko til produkta

Miljødirektoratet har gjennomført ei offentleg høyring og vurdert GMO-ane ut frå den norske genteknologiloven. Miljødirektoratet si tilråding var at nelliktypane ikkje bør forbydast i Noreg.

Det er ikkje knytt nokon miljø- eller helserisiko til produkta. Avskorne blomar manglar evna til å spreie seg som stiklingar i norsk natur, og det er avgrensa med pollen i blomane som kan spreiast til andre nellikarter. Dei fleste pollenberarane er danna om til kronblad. Levetida til pollen i avskorne blomar i vase er avgrensa til to veker.

Bioteknologirådet, som har eit særskild ansvar for å vurdere aspekt knytt til berekraft, samfunnsnytte og etikk, har ikkje framlagt moment som gir styresmaktene tungtvegande argument som kan underbygge eit forbod etter genteknologiloven. Sjølv om Bioteknologirådet ikkje vurderer at genmodifiserte nellikar utgjer nokon samfunnsmessig nytte av tyding, er det på den andre sida allereie ei viss omsetning av tilsvarande produkt i Noreg. I landa der blomane blir produserte, Colombia og Equador, blir det rapporterte om ordna arbeidsforhold. Produksjonen tar heller ikkje opp areal som elles ville vore brukt til matproduksjon.


Gen frå petunia og fiol bak fargeendring


Fargeendringane i dei genmodifiserte nellikane frå kvit til lilla er oppnådde ved å setje inn gen frå blomane petunia og fiol. Gena styrer danninga av fargepigment i kronbladet til nellikane. Det er det japanske firmaet Suntory Holding Limited som har fått godkjent dei genmodifiserte nellikane "Moonaqua" og "Moonvista" i EU. Sortane er produserte for snittblomemarknaden.

Til toppen