Vil ta bort unødvendig rapportering og byråkrati

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Tillitsreforma i offentleg sektor er eit av regjeringas viktigaste prosjekt. Det er fordi marknadsløysingar henta frå næringslivet altfor lenge har blitt brukt som styringsverktøy i det offentlege, slik regjeringa ser det.

Kunnskapsministeren har hatt det første møte med sektoren om reforma
Møte med organisasjonene i kunnskapssektoren. Foto: Martin B. Andersson

No har både Ola Borten Moe, som er forskings- og høgare utdanningsminister, og kunnskapsminister Tonje Brenna, hatt møte med sektoren om tillitsreforma.

Meir samhandling
Møta blei gjennomførte siste veka i mars. Statsråd Borten Moe seier det handlar om å prøve å ta bort unødvendig rapportering og byråkrati, alt som ligg rundt det ein faktisk skal halde på med.

- Vi kan ikkje underkjenne at vi har bygd eit system rundt New Public Management dei siste 20-30 åra, men vi har trekt det for langt. Det sug for mykje ressursar både i sektoren, men også i departementa. Vi er nøydde til å kome oss ut av denne negative sirkelen, seier han.

Kunnskapsminister Tonje Brenna seier tillitsreforma skal føre til meir samhandling mellom leiing og tilsette, betre utnytting av kompetansen til kvar einskild medarbeidar, og meir tid til kjerneoppgåvene.

- Tilsette i barnehage og skole har lengre og lengre utdanning. Samstundes fortel   dei om meir og meir dokumentasjon og rapportering - og mindre handlingsrom. Det er i dette paradokset at behovet for ein tillitsreform har oppstått. For å utvikle ein tillitsreform er vi heilt avhengige av å innspel frå sektoren for å finne ut kor skoen trykker, seier ho.

Ba om innspel frå organisasjonane
I det første møte med organisasjonane informerte den politiske leiinga i departementet om måla ein skal nå. Det skal skje gjennom:

  1. a) meir fagleg fridom for førstelinja
  2. b) reduserte rapporterings- og dokumentasjonskrav
  3. c) større handlingsrom for kommunale og fylkeskommunale styresmakter
  4. d) styrka deltaking, og involvering frå organisasjonane til dei tilsette
  5. e) betre styring, organisering og samordning
  6. f) auka bruk av tillitsbasert leiing
  7. g) vurdering av tilsyns- og kontrollstyresmaktenes rapporterings- og dokumentasjonskrav.
Møte med sektoren
Organisasjonane i utdanningssektoren i møte med statsråden. Foto: Martin B. Andersson

Tillitsreforma skal utviklast i dialog med partane, organisasjonane, og dei som arbeider i sektoren. Det blir viktig med godt samspel mellom lokalt, og sentralt nivå.

På møtet fekk politikarane innspel til reforma på mellom anna desse punkta:

  • Utfordringar som er særleg viktige i kunnskapssektoren.
  • Vilkår for at tillitsreforma skal lukkast.
  • Forslag til forsøks- og utviklingsprosjekt som kan setjast i gang.

Vegen vidare
Kommunal- og distriktsministeren har det overordna ansvaret for å koordinere reforma i regjeringa.

Det er etablert eit statssekretærutval som skal jobbe fram til sommaren 2023.