Torgeir Strøm ny direktør i Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa

Regjeringa har i statsråd i dag utnemnd Torgeir Strøm som ny direktør i Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS).

– DSS er ein  heilt sentral etat for sikkerheita og arbeidsvilkåra kring arbeidet i regjeringa og i departementa. Strøm får ei viktig oppgåve i å leie DSS i ein periode der departementa skal flytte inn i nytt regjeringskvartal og DSS skal omstillast. Fleire tenester skal over i DSS og nokre skal ut. Eg er svært nøgd med at han har takka ja til det viktige samfunnsoppdraget det er å leie DSS dei kommande seks åra, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Strøm kjem frå ei stilling som ekspedisjonssjef i Klima- og miljødepartementet. Han er utdanna siviløkonom, i tillegg til stabsoffiserutdanning ved Luftforsvarets stabsskole. Tidigare har Strøm hatt ei rekkje ulike roller ved Sjukehuset Innlandet, mellom anna som direktør for verksemdsstyring og økonomi.

Torgeir Strøm overtek stillinga etter Erik Hope, som fråtrer etter enda åremål 31.10.23.