Historisk arkiv

Torhild Moen frå Notodden tildelt Sunnivastipendet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Torhild Moen, Agder og Telemark bispedøme, er tildelt Sunnivastipendet på 50 000 kroner for eit prosjekt som brukar drama for å aktivisere kyrkjelyden.

Torhild Moen, Agder og Telemark bispedøme, er tildelt Sunnivastipendet på 50 000 kroner for eit prosjekt som brukar drama for å aktivisere kyrkjelyden.

Statssekretær Randi Øverland delte ut Sunnivastipendet under ei markering i Kultur- og kyrkjedepartementet på fredag. 

– Dramainnslag kan gi nye impulsar til gudstenester og samlingar. Det er nyttig å samle erfaring og gjere slike opplegg tilgjengelege for andre kyrkjelydar, seier statssekretær Randi Øverland.

Sunnivastipendet blir delt ut til valde lekmedlemmer av dei kyrkjelege rådsorgana. Stipendet skal bidra til å auke kunnskapen om kyrkja si rolle i samfunnet, styrkje kyrkja sin kompetanse til å løyse oppgåver og bidra til utvikling av praktisk kyrkjekunnskap og annan kunnskap som er relevant for arbeidet i dei valde kyrkjelege rådsorgana.

Til toppen