Historisk arkiv

Ulovleg fiske - endra strafferamme og nye administrative reaksjonar trer i kraft i dag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet melder om at endringar i lakse- og innlandsfisklova trer i kraft frå 1. juli. Føremålet med endringane er å styrkje innsatsen mot ulovleg fiske.

Kvart år blir det avdekka mange tilfelle av ulovleg fiske etter anadrom laksefisk. Det ulovlege fisket gjer at talet på gytefisk i elvene blir redusert.  Ulovleg fiske kan òg føre til at det lovlege fisket må regulerast strengare for å nå målet for forvaltning av bestandane. 

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn er fornøgd med at lovendringa no trer i kraft

- Ulovleg fiske etter laksefisk er ei alvorleg form for miljøkriminalitet som har store konsekvensar for sårbare stammer av anadrome laksefisk, seier han. 

Endringane i lakse- og innlandsfisklova og straffeprosesslova er eit viktig steg for  å styrkje innsatsen mot ulovleg fiske. Forslaget går mellom anna ut på å auke strafferamma frå inntil to til inntil fem års fengsel ved grove brot på føresegnene i lova. Dette gjev eit tydeleg signal om kor alvorleg ulovleg fiske etter laksefisk er. Strafferamma vert no lik den i naturmangfaldlova.

Det kjem óg nye administrative reaksjonar, som beslag i reiskap for å stoppe det ulovlege fisket og gebyr ved brot, som alternativ til strafferettsleg bot. 

Vidare vert det føreslått ei utviding av høvet til å gjere inndraging av reiskap, og til mellombels å kunne nekte registrering av reiskap i inntil to år.

Ved å skjerpe straffa for grove brot, og å opne for administrative reaksjonar frå Statens naturoppsyn (SNO), vil handsaminga av lova verte meir kraftfull og effektiv.

Oppsynsverksemda langs kysten er særs viktig for å slå ned på eit ulovleg fiske. Lakseoppsynet under SNO har frå i år blitt varig styrka, for å komme ulovleg fiske til livs. 

-Eg var sjølv med på ein aksjon i Nordfjord 22. mai, og fekk sjå kor effektiv ein slik aksjon kan vere, seier Rotevatn.

- Vedtaking av disse lovendringane er eit viktig steg i kampen mot ulovleg fiske, og dermed miljøkriminalitet. Eg er glad for at endringane no trer i kraft.