Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Unntak frå rett til innsyn i fødselsnummer og lønnsoppgåver

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

I dag vert endringar i offentleglova sanksjonert som medfører at det gjerast unntak frå rett til innsyn i fødselsnummer og lønnsoppgåver.

I dag vert endringar i offentleglova sanksjonert som medfører at det gjerast unntak frå rett til innsyn i fødselsnummer og lønnsoppgåver.

– Dette er ei viktig justering for å redusere risikoen for misbruk av fødselsnummer, og for å avhjelpe vanskelege vurderingar om teieplikt når det blir bedt om innsyn i lønnsoppgåver, seier justisminister Grete Faremo.
Kongen i statsråd har i dag sanksjonert endringane i offentleglova. Lovendringa går for det fyrste ut på at det kan gjerast unntak for oppgåver over utrekna lønn og liknande, feriepengegrunnlag og eventuelle trekk i lønna. Slike dokument inneheld ofte opplysningar som er omfatta av teieplikt. Det skal framleis gjevast innsyn i opplysningar om bruttoutbetalingar frå organ som er omfatta av offentleglova.
Vidare blir det no innført heimel i offentleglova til å gjere unntak for fødselsnummer og nummer med tilsvarande funksjon.

– Slike nummer er ikkje generelt omfatta av teieplikt, men dei kan bli misbrukte, og bør såleis ikkje måtte utleverast i alle samanhengar, seier Faremo.


Til toppen