Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 14

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Tysdag 2. april
Kl. 13.00: Energiminister Terje Aasland har kontaktmøte med kraftprodusentane. Målet med møtet er å ha ein tett dialog om korleis styresmaktene og energibransjen, med sine ulike roller, kan leggje til rette for auka fornybar kraftproduksjon. Møtet er avgrensa til kraftproduksjon på land. Deltakarar på møtet er Fornybar Norge, Småkraftforeningen og Solenergiklyngen, i tillegg til utvalde kraftprodusentar. Møtet går føre seg i Energidepartementet, Akersgata 59. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Kl. 16.00: Energiminister Terje Aasland er i Bærum for å fortelje at regjeringa har tatt stilling til løysing for den nye kraftlinja mellom Hamang i Bærum og Smestad i Oslo. Stad: Gjettum skole, Vallerveien 133, Gjettum. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.          

 

Onsdag 3. april
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland er til stades i den munnlege spørjetimen i Stortinget. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Torsdag 4. april
Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland deltek på energiseminaret til Kraftfylka, interesseorganisasjonen for fylke med kraftproduksjon. Arrangementet går føre seg på Radisson Blu Airport Hotel på Gardermoen. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.