Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 8

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Måndag 19. februar
Kl. 09.30: Energiminister Terje Aasland besøkjer Opplæringskontoret for elektrofag på Romerike, der han får ei orientering om drifta og møter lærlingar i energimontørfaget. Stad: Karoline Eggens vei 1, Frogner. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Kl. 13.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit digitalt ministermøte i Nordsjøsamarbeidet (NSEC). NSEC er ein sentral arena for utvikling av havvind i Nordsjøen. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Torsdag 22. februar
Energiminister Terje Aasland besøkjer Tinn i Telemark. Programmet ser foreløpig slik ut:

Kl. 11.00: Statsråden besøkjer Green Mountain. Adresse: Svaddevegen 161, Rjukan.

Kl. 13.00: Statsråden besøkjer Mår kraftverk. Adresse: Mårvegen 18, Rjukan.

Kl. 14.00: Statsråden besøkjer Hima Seafood. Adresse: Skriugata 26, Rjukan.

Kl. 15.00: Statsråden besøkjer Såheim kraftverk. Adresse: Såheimsvegen 42, Rjukan.

Kl. 16.00: Statsråden besøkjer Rjukan Næringsutvikling og Sirkulære Rjukan. Adresse: Hydroparken 295, Rjukan.

Kl. 18.00: Statsråden deltek på eit folkemøte om kraftsituasjonen i regionen. Møtet går føre seg på Rjukanhuset. Adresse: Storstulgata 1, Rjukan.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@ed.dep.no.