Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 12
Pressemelding | Dato: 21.03.2022 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Tysdag 22. mars
Kl. 16.00: Olje- og energiministeren har eit møte med sametingspresident Silje Karine Muotka, der dei skal diskutere Fosen-saka.
Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte i R5 seinast kl. 15.40. Ta med pressekort og godkjent ID (bankkort med bilde er ikkje lenger gyldig).
Etter møtet, om lag kl. 17, er møtedeltakarane tilgjengelege for presse. Oppmøte i R5 seinast kl. 16.45. Ta med pressekort og godkjent ID (bankkort med bilde er ikkje lenger gyldig).
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Onsdag 23. og torsdag 24. mars
Olje- og energiministeren er i Paris, der han deltek på ministermøtet i Det internasjonale energibyrået (IEA).
Presse som ønskjer å dekke ministermøtet må akkreditere seg ved å sende ein e-post til press@iea.org.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Fredag 25.mars
Kl. 12.30: Olje- og energiministeren besøkjer Gjerdrum, der han får ei orientering om sikringsarbeidet som er gjort etter kvikkleireskredet i 2020.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.