Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 20

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Onsdag 18. mai
Kl. 11.30: Olje- og energiministeren er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.

Torsdag 19. mai
Kl. 09.30: Olje- og energiministeren er til stades på Energy Connected-konferansen på Fornebu.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Kl. 11.00: Olje- og energiministeren møter Mark Robinson, som leier Extractive Industries Transparency Initiative (EITI). EITI arbeider med å fremje open og ansvarleg forvalting av olje-, gass- og mineralressursar.

Fredag 20. mai
Kl. 12.30: Olje- og energiministeren inviterer til samarbeidsforum for havvind. På møtet vil statsråden gå igjennom status for regjeringa sitt arbeid med havvind og det blir diskusjonar om blant anna sameksistens med andre næringar og om industri- og teknologiutvikling. Havvindforum blei etablert i fjor, og hadde sitt første møte i september 2021.

Desse er inviterte til møtet: Agder Energi, Aibel, Aker Offshore Wind/Aker Horizont, Aker Solutions, Bergen Offshore Wind Center, Bonheur, Deep Wind Offshore, DNV, Edda Wind, Eksportrådet, EL og IT Forbundet, Energi Norge, Equinor, Eviny, Fellesforbundet, Fiskebåt, FME North Wind, Fred. Olsen, GCE NODE, Hafslund ECO, Industri Energi, Kon-Kraft, LO Norge, Lyse, Magnora, NHO, Norges Fiskarlag, NorSea Group, Norseman Wind, Norsk Havvind AS, Norsk Hydro, Norsk Industri, Norsk olje og gass, Norwea, Norwep, NOWC, NVE, Odfjell Oceanwind, Olje- og gassklynge Helgeland, Parkwind, Rederiforbundet, RWE, Seagust, Senter for hav og Arktis, Shell, Sjømat Norge, Statkraft, Statnett, Totalenergies, Vattenfall, WindWorks Jelsa, Zero og Ørsted.

Møtet går føre seg på Telegrafen i Oslo. Adresse: Kongens gate 21 (inngang frå Prinsens gate). Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Etter møtet, om lag kl. 15.00, er deltakarane tilgjengelege for presse.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.