Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 23
Pressemelding | Dato: 03.06.2022 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Tysdag 7. juni
Olje- og energiministeren er i Stortinget i samband med behandlinga av fleire saker på energiområdet.
Onsdag 8. juni
Kl. 08.00: Olje- og energiministeren tek imot ein ny rapport om god miljøpraksis i samband med vindkraftutbyggingar på land. Rapporten er laga av Norconsult på oppdrag frå Energi Norge og Norwea.
Presse som ønskjer å vere til stades på overleveringa kan kontakte pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 12.30: Olje- og energiministeren er til stades på EL og IT Forbundets landsstyremøte, på Klækken Hotell på Ringerike.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Torsdag 9. juni
Olje- og energiministeren er i Stortinget i samband med behandlinga av fleire saker på energiområdet.
Fredag 10. juni
Kl. 09.30: Olje- og energiministeren møter den skotske nærings- og handelsministeren Ivan McKee.
Kl. 14.00: Statsministeren og olje- og energiministeren inviterer til toppmøte om havvind i samband med regjeringa sitt arbeid med eit grønt industriløft. Møtet går føre seg på Statsministerens kontor. Det er mogleg å fotografere når møtet startar. Etter møtet, om lag kl. 16.00, er statsministeren og olje- og energiministeren tilgjengelege for pressa. Påmelding til smkinfo@smk.dep.no.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.