Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 26
Pressemelding | Dato: 24.06.2022 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 27. juni
Kl. 14.45: Olje- og energiministeren møter EU-kommisjonens visepresident Maroš Šefčovič. Tema for møtet er energispørsmål. Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Aasland og Šefčovič er tilgjengelege for fotografering og korte kommentarar etter møtet, om lag kl. 15.25. Presse som er interesserte i dette kan kontakte pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 16.00: Olje- og energiministeren har eit møte med klima- og energikomiteen i den tyske forbundsdagen. Tema for møtet er energispørsmål. Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet, i Akersgata 59 (R5).
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Onsdag 29. juni
Kl. 15.00: Olje- og energiministeren tek imot ein rapport om den norske energisektoren frå Det internasjonale energibyrået (IEA). Rapporten blir overlevert av IEA-direktør Fatih Birol på eit digitalt arrangement. I rapporten gir IEA ei rekkje anbefalingar til korleis Noreg kan gjennomføre det grøne skiftet i energisektoren. Det er fem år sidan sist IEA kom med ein rapport om energisektoren i Noreg.
Det blir ein kort spørsmålsrunde etter den digitale overleveringa. Presse som er interesserte i å stille spørsmål til Aasland og Birol i denne runden må melde seg på ved å sende ein e-post til IEA på press@iea.org.
Arrangementet kan også følgjast her: Norway 2022: Energy Policy Review - Event - IEA.
Etter arrangementet, om lag kl. 15.45, er statsråden tilgjengeleg for norsk presse. Det skjer i Olje- og energidepartementet i Akersgata 59 (R5). Presse som ønsker å stille her, kan melde seg på ved å sende ein e-post til kommunikasjonsrådgivar Ingrid Lønrusten Rogstad, telefon 93 48 92 25, e-post ilr@oed.dep.no.
Torsdag 30. juni
Kl. 12.00: Olje- og energiministeren tek imot ein revidert versjon av energistrategien Energi21, på eit arrangement på Institutt for energiteknikk på Kjeller. I strategien får blant anna hydrogen ei meir sentral rolle. Statsråden skal også opne eit nytt hydrogensenter på Kjeller. Adresse: Rolf Olsens vei 50, Akershus Energipark.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tore Sandnes Becker, telefon 40 49 79 16, e-post Tore-Sandnes.Becker@oed.dep.no.