Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 41

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 10. oktober

Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland og næringsminister Jan Christian Vestre er i Telemark, der dei besøkjer bedriftene INOVYN og INEOS Olefins & Polymers. Stad: Herreveien 801, Rafnes.

 

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no eller pressevakta i Nærings- og fiskeridepartementet på e-post media@nfd.dep.no

 

Kl. 14.00: Olje- og energiminister Terje Aasland møter Marokkos ambassadør til Noreg.

 

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Tysdag 11. og onsdag 12. oktober

Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på EUs uformelle energiministermøte i Praha, der han blant anna skal delta i samtalar om hydrogen, el-marknad og vinterberedskapen i Europa.

 

Presse som ønskjer å dekke besøket kan ta kontakt med kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.  

 

Onsdag 12. oktober

Etter kl. 16.00 er olje- og energiminister Terje Aasland tilgjengeleg på telefon for presse som ønskjer kommentarar til NVE sine rapportar om kraftsituasjonen og vassmagasina. Presse som ønskjer dette kan kontakte pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Torsdag 13. og fredag 14. oktober

Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Danmark saman med ein norsk næringslivsdelegasjon. Tema for besøket er karbonfangst og -lagring og havvind. Besøket går føre seg i København og Esbjerg. Meir informasjon om besøket her.

 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.